Sindre Kvalheim er årets unge gründer

Gründerprisen for ungdom på 30 000 kroner og mykje god omtale gikk til Sindre Kvalheim og vart utdelt av Kjartan Longva (Ap) og Nils R. Sandal (Sp) i fylkestinget 14. desember.

Kjartan Longva inneleia talen med mange godord om vinnaren, som starta bedrift i heimkommunen Vågsøy i 2007.

- Sindre Kvalheim har synt at det er fullt mogeleg for IT – gründerar å lukkast og halde fokus på vidareutvikling gjennom framtidsretta satsingar også i distrikta. Denne unge gründeren er såleis eit framifrå forbilde for gründerspirer i Sogn og Fjordane.

Kommersiell innretning gir fleire arbeidsplassar

Kvalheim er gründeren av ei verkesemd som er totalleverandør av IT, med fokus på datalagring. Dette inneber at LokalHost overfører kunden sine data og programvarer til eigne serverar. Kunden har dermed ikkje behov for fysiske installasjonar som harddisk eller serverar, og vil kunne hente ut data enkelt ved å logge seg på LocalHost sitt nettverk eller internett. Kunden betalar fast pris i månaden for tjenesta, og treng ikkje tenke på fysisk lagringsstad, vedlikehald eller oppdatering av programvarer. Denne kommersielle innretninga av produktet har ført til god omsetnad og fleire arbeidsplassar i bedrifta, noko som er med på å gi positive ringverknader i lokalsamfunnet i Måløy.

Kvalheim også med i spanande forprosjekt

Kvalheim har og vore medverkande i oppstarten av forprosjektet som har undersøkt mogelegheita for å utnytte marknadspotensialet for datalagring i Lefdal Gruve på Eid, då LocalHost har unik kompetanse på datalagring og miljøvennlig kjøling. Det er eit aukande behov for plassering av enorme datalagringsmengder då mengder data i verda vert dobla kvar 18. månad. Forprosjektet har vist at Lefdal Gruve er ein særs eigna stad til dette føremålet. Dette viser at det ikkje berre er mogeleg å etablere kommersielle og nyskapande satsingar i distrikta, men at distrikta til og med kan vere den beste staden for store nyskapingsprosjekt.

Kvalheim har ved fleire høve skrytt av gode støttespelarar og investorar som var med på å gjere valet om å flytte attende til heimkommunen og starte bedrift enkelt.

- Det å vere gründer i Sogn og Fjordane er heilt fantastisk, Ein får ikkje berre vere gründer første året, men kvar dag og heile tida, sa Kvalheim då han mottok prisen.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00