Foto av tre kvinner, ei av dei Åshild Kjelsnes, og ein mann framfor eit lysbilete på veggen der det står Welcome 45th CPMR General Assembly 18-20 October 2017, Helsinki
Foto av tre kvinner, ei av dei Åshild Kjelsnes, og ein mann framfor eit lysbilete på veggen der det står Welcome 45th CPMR General Assembly 18-20 October 2017, Helsinki

F.v. Mona Røsvik Strømme (fylkestinget, Hordaland), Åshild Kjelsnes, Anders Fasth (Sverige) og Yolanda Schnaly (Nederland).

Sette forsøpling i havet på europeisk dagsorden

Forsøpling i havet er ei viktig og aktuell problemstilling, som Åshild Kjelsnes nyleg var med og løfta på generalforsamlinga til organisasjonen for europeiske perifere, maritime regionar (CPMR).

Generalforsamlinga fann stad i Helsinki, og 200 representantar frå mange europeiske land deltok. Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltok som vice chair (assisterande leiar) i den marine ressursgruppa i Nordsjøkommisjonen, som fylkeskommunen er medlem av.

Viktig og konkret problemstilling

Gruppa hadde på førehand bestemt seg for å løfte problematikken med forsøpling i havet, med særskilt trykk på plast i havet. Dei fekk gjennomslag, og CPMR kjem til å setje temaet høgt på dagsorden det komande året.

– Eg er svært nøgd med at vi har satt denne viktige og konkrete problemstillinga på dagsorden i eit europeisk perspektiv. Det er viktig både med tanke på kortsiktige løysingar, og med tanke på det som må vere målet på sikt, nemleg å hindre at plast vert dumpa eller på anna måte hamnar i sjøen, seier Kjelsnes.

Sogn og Fjordane kan påverke

Forsøpling i havet er eit svært aktuelt tema, og den marine ressursgruppa fekk støtte frå blant andre kommisjonen for Middelhavet og representantane frå Kanariøyane. Også arbeidsutvalet i Vestlandsrådet har hatt temaet på dagsorden og hadde sendt eit forslag til ordlyd i slutterklæringa frå generalforsamlinga. Kjelsnes konstaterer at Sogn og Fjordane kan påverke også utanfor både fylkes- og landegrensene.

– For meg er dette eit godt døme på at det er fullt mogleg å påverke konkret i internasjonalt arbeid frå fylket vårt si side også. Å få gjennomslag for det ein driv med, gjev meir motivasjon til å halde fram arbeidet. Slike store møte er viktige for å bygge nettverk, forstå samanhengane i europeiske nettverk, og det er ein arena for å fremje interessene våre innan mange politikkområde, slår ho fast.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568