Set fokus på offentlege innkjøp

Gjennom Knutepunkt Sogn og Fjordane set fylkeskommunen fokus på offentlege innkjøp og arrangerer i vår både fagdag og konferanse om temaet. – Hovudfokuset er på miljø og miljøkrav i innkjøpsprosessen, seier prosjektleiar Ylva T. Tyssing.

Tyssing inviterer til både fagdag og konferanse i løpet av våren. Nettsidene er renoverte og står no fram med ny logo og nytt oppsett. Her kan alle, det vil seie både offentleg tilsette og næringsliv finne nyttig informasjon om offentlege innkjøp.

– Hovudfokuset er på miljø og miljøkrav i innkjøpsprosessen. Men for å forstå kvar i anbodsprosessen miljøkrav kan stillast, må ein og ha kjennskap til korleis eit anbod vert gjennomført. Difor er det òg mogeleg å finne basiskunnskap om offentlege innkjøp på sidene, seier Ylva T. Tyssing, som tok til i jobben som prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane ved årsskiftet.

Knutepunkt Sogn og Fjordane er eit regionalt kompetansesenter for offentlege innkjøp og skal rettleie i samband med anbodsprosessar.

Tilbyr kurs, seminar og rettleiing

Den fremste oppgåva til Knutepunkt Sogn og Fjordane er å hjelpe til med å innarbeide miljø og samfunnsansvar i offentlege innkjøp. I tillegg ønskjer senteret å bidra med generell rettleiing på området, og har difor laga ein aktivitetsplan som legg opp til eit breitt samarbeid med offentlege verksemder og næringslivet.

 

Først på programmet no står konferansen Offentlege innkjøp – nye moglegheiter for næringslivet på Skei Hotell 14. april. Påmelding lyt skje innan eller i løpet av 28. mars.

–Vi arrangerer dette fordi mange leverandørar har gitt uttrykk for at dei tykkjer det er vanskeleg å finne og svare på offentlege anbod. Målet med konferansen er difor å auke kunnskapen og gje ei grundig innføring i korleis svare på anbod, seier Tyssing.

Fokus på store innkjøp i tida som kjem

Den 13. april står fagdag om offentlege innkjøp og miljøkriterium for tur. Denne vert halden på Rica Sunnfjord Hotell i Førde, og målgruppa er både tilsette med innkjøpsansvar, leiarar og politikarar. Tema for dagen er korleis ein tek omsyn til miljøperspektivet og samfunnsinnverknaden ved kvart einskild offentleg innkjøp.

– Framover skal vi fokusere litt meir spesifikt på store innkjøp som kjem. Til dømes skal vi ha ein leverandørkonferanse for møblar med tanke på ein anbodsprosess vi snart skal i gang med. Til hausten kjem det ein konferanse om framtidig transport i fylket, og ein del anna som framleis er på planleggingsstadiet, seier Tyssing.

Knutepunkt er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Relaterte lenker