Illustrasjon av Sogn og Fjordane sin stand i grøne fargar og forskjellige stasjonar
Illustrasjon av Sogn og Fjordane sin stand i grøne fargar og forskjellige stasjonar

Sentralt plassert på ONS

ONS er den viktigaste møteplassen for petroleumsverksemda i Noreg. Sogn og Fjordane har vore representert med ei regional utstilling sidan år 2004, og i år har vi ny, sentral plassering.

I år har Sogn og Fjordane fått ei ny og svært sentral plassering i næraste nabolaget til Statoil, Olje- og energidepartementet med fleire. Nytt av året er også ei meir open og inviterande utforming, noko som mellom anna vil leggje betre til rette for samhandling utstillarane i mellom.

Petroleumsrådet med fylkesordføraren i spissen er sterkt representerte i Stavanger under ONS. Dagane vil bli nytta aktivt, og det er mellom anna lagt opp til eit omfattande møteprogram med fleire sentrale operatørselskap med eksisterande eller framtidig aktivitet i og utanfor Sogn og Fjordane.

ONS 2016 vert arrangert frå 29. august til 1. september.

Sogn og Fjordane-utstillinga er eit fylkeskommunalt initiativ. Fylkeskommunen er hovudsponsor, mens Maritim Forening Sogn og Fjordane med hjelp frå Pixelwerk og Artwerk har hatt ansvar for den praktiske tilrettelegginga.

Ei anna nyvinning av året er at det nyskipa «Forum for grøn energi» også er representert med ei utstilling på det som vert kalla Clean Energy Park. Også her er fylkeskommunen støttespelar.

På Sogn og Fjordane sin stand finn du:

  • Wergelandgruppa
  • Hellenes
  • INC Gruppen
  • Norselast
  • Quality Intervention
  • K. Jansen
  • Stadpipe
  • Flora Hamn KF
  • Maritim Forening Sogn og Fjordane

Hovudutstillinga til Sogn og Fjordane på ONS

Forum for Grøn Energi

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00