Fire personar står ved banneret til det nye klimatilpassingssenteret ved Vestlandsforsking. Banneret er blått med ein oransje og kvit logo.
Fire personar står ved banneret til det nye klimatilpassingssenteret ved Vestlandsforsking. Banneret er blått med ein oransje og kvit logo.

Frå venstre: Styreleiar i Vestlandsforsking Trude Brosvik, forskar og senterleiar Carlo Aall, direktør for Vestlandsforsking Merete Lunde og statssekretær Atle Hamar. Foto: Ida-Beate Mølmesdal/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Senter for berekraftig klimatilpassing opna i Sogndal

Sogn og Fjordane fylkeskommune er blant støttespelarane til det nye kunnskapssenteret ved Vestlandsforsking, som skaffe ny kunnskap om korleis vi skal tilpasse oss klimaendringane.

Folk sit i eit auditorium og ser mot ein skjerm der fylkesordførar Jenny Følling talar via video.– Eg er veldig glad for at ein har fått dette senteret til Sogn og Fjordane. Vi er eit fylke som kjenner klimaendringane på kroppen. Klimaendringar er ikkje noko som vil kome i framtida; vi merkar dei alt no, og vi merkar at det kostar. Vi treng meir kunnskap om klimaverknadene i samfunnet, og vi treng å tilpasse oss. Difor er det bra at de no kan forske på dette og gje oss råd om kva slags tiltak vi bør gjere, sa fylkesordførar Jenny Følling i si videohelsing ved opninga.

Statssekretær i Klima- og miljødirektoratet, Atle Hamar stod for den offisielle opninga av senteret fredag. Direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde, ønskte velkommen, før professorane Carlo Aall og Helge Drange gjekk gjennom kva klimaframtid vi skal tilpasse oss til, og kvifor dette senteret er viktig for regionen og for klimatilpassinga av Noreg.

I tillegg til Følling var også stortingsrepresentant Tore Storehaug, leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter og CICERO-direktør Kristin Halvorsen blant dei mange som helsa og gratulerte ved opninga av senteret.

Mange partnarar

Norsk senter for berekraftig klimatilpassing vil vere eit virtuelt senter med Vestlandsforsking i Sogndal som verstinstitusjon. Ei rekkje av dei fremste faglege institusjonane på området er partnarar. Offisielle forskingspartnarar til senteret er Høgskulen på Vestlandet, CICERO Senter for klimaforsking, NORCE Klima og Samfunn, Senter for energi- og klimaomstilling ved Universitetet i Bergen (CET), NTNU Institutt for Geografi, Nordlandsforsking og Bjerknessenteret for klimaforsking.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i juni i år å løyve 1,2 millionar kroner til oppstarten. Senteret har også fått ei oppstartsløyving på 10 millioner kroner i statsbudsjettet for 2019, og er sikra 5 millioner kroner i årleg grunnfinansiering frå 2020.

Senteret skal jobbe for å skaffe den brukarretta kunnskapen vi treng som samfunn for å tilpasse oss klimaendringane, noko som regionen og samfunnet treng. Nye Vestland fylke dekkjer alle naturregionar i Noreg og alle samfunnsforhold, frå storby, via mindre og mellomstore tettstadar og reine industriusamfunn, til rurale område.

Del dette: