Foto av Gulatingsveggen i Gulen i sollys.
Foto av Gulatingsveggen i Gulen i sollys.

Illustrasjonsfoto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sei meininga di om Vestlandsregionen

Sogn og Fjordane kan frå 2020 bli del av Vestlandsregionen – saman med Hordaland og Rogaland. No har du sjansen til å seie kva du meiner om ein Vestlandsregion.

Det er "Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland» som no er lagt ut på ei brei, offentleg høyring, etter vedtak i fylkestinga i dei tre fylka.

Viktig sak for innbyggjarane

Det betyr at alle – privatpersonar, kommunar, lag, organisasjonar og næringslivet – kan kome med innspel. Høyringsfristen er 23. november.

– Dette er ei viktig sak for innbyggarane i Sogn og Fjordane, for samfunnsutviklinga og tenestetilbodet i fylket. No er det viktig for oss å høyre kva dei som bur, jobbar, driv næring og lever her meiner, seier fylkesordførar Jenny Følling.

– Vi har forhandla fram ein avtale, med utgangspunkt i føringar frå Stortinget, som skal ta vare på interessene til innbyggjarane i fylket best mogleg, legg ho til.

Godt forhandlingsresultat for Sogn og Fjordane

Intensjonsplanen vart underteikna av fylkesordførarane i dei tre fylka 15. september etter fleire forhandlingsmøte. Han seier blant anna noko om politisk styreform, framtidig tenesteyting og kvar administrativ og politisk leiing skal liggje.

Dei tre fylkesordførarane har også stilt tydelege krav om nye og fleire oppgåver som eit premiss for eit nytt regionalt folkevalt nivå. Eit anna og svært viktig utgangspunkt for Sogn og Fjordane har vore at fylket ikkje skal delast.

Vil ha synspunkt, argument og innspel

Fylkestinget skal gjere vedtak om regionreforma og Vestlandsregionen i desember. Før den tid ønskjer fylkeskommunen å få fram så mange sider av saka som mogleg. Målet med høyringa er å få inn grunngjevne synspunkt og konstruktive innspel til det vidare arbeidet med regionreforma

– Vi ønskjer i størst mogleg grad å få inn grunngjevne høyringsfråsegner, der argumentasjonen kjem tydeleg fram. Det gjer det lettare for oss når vi skal ta stilling til innspela i det vidare arbeidet vårt, seier fylkesordføraren.

Utgangspunktet for fylkeskommunen sitt arbeid med regionreforma er at eit fleirtal i Stortinget meiner at tal fylkeskommunar skal reduserast frå dagens 19 til om lag ti. Sogn og Fjordane er det nest minste fylket i folketal, men har det åttande største arealet av fylka.

Fristen for å kome med høyringsinnspel er 23. november.

Her kan du laste ned intensjonsplanen, det fullstendige høyringsbrevet og sende inn innspel og synspunkt.

Les meir om prosessen og arbeidet med regionreforma her.

For spørsmål om intensjonsavtalen

Ole Inge Gjerald
408 57 025
ole.inge.gjerald@sfj.no

For kommentarar til media

Jenny Følling
479 05 990
jenny.folling@sjf.no

Tore Eriksen
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713