bilete frå tur til Selje kloster
bilete frå tur til Selje kloster

Foto: Sigrun Espe / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Satsar på Selja som berekraftig reisemål

Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta opp eit prosjekt for å utvikle Selje kloster som eit attraktivt og berekraftig reisemål. PwC har fått ansvar for å leie forprosjektet som skal vere ferdig våren 2019.

– Selje kloster er ein attraksjon av internasjonalt format, som vi ikkje har makta å legge til rette slik at staden får dei besøkande som dette kulturminnet fortener. Det er gjort mykje for å setje ruinane i stand siste åra. Vi vonar at vi no kan koordinere alle gode krefter for å få Selje kloster fram til folk, slik at dei kan oppleve denne juvelen, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Vil ha fleire besøkande

Selje kloster har i dag om lag 3 000 besøkande kvart år. Det nye prosjektet skal bidra til å utvikle klosteret som reisemål og gjere det til ein leiande, berekraftig attraksjon med fleire besøkande og auka lønsemd.

Målet er at Selje kloster skal posisjonerast som ein spennande og unik attraksjon for kulturbasert turisme der historie, kultur, arkitektur og design skal forsterke naturelementa.

Forprosjekt ferdig 2019

Fylkeskommunen lyste ut eit prosjekt i to delar, eitt for- og eit hovudprosjekt. Det kom inn 6 tilbod, og etter nøye vurdering har PricewaterhouseCoopers AS (PwC) fått ansvaret som prosjektleiar for forprosjektet, som skal vere ferdig våren 2019. Forprosjektet skal kartlegge rammene for å lukkast med å utvikle Selje kloster som ein leiande attraksjon i Nordfjord.

I tillegg til fylkeskommunen, som eig og finansierer prosjektet, har styringsgruppa representantar frå Selje kommune, Eid kommune, Innovasjon Norge, Riksantikvaren og lokale næringsaktørar i Selje.

Del dette:

Kontakt

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00