Foto som syner tre kvinner og ein mann rundt eit bord der dei har laga ein modell av noko i papp. Tre an dei ser engasjerte på den eine kvinna, som forklarer noko. Biletet skal illustrere gründerverksemd. Foto: Jo Bergersen
Foto som syner tre kvinner og ein mann rundt eit bord der dei har laga ein modell av noko i papp. Tre an dei ser engasjerte på den eine kvinna, som forklarer noko. Biletet skal illustrere gründerverksemd. Foto: Jo Bergersen

Illustrasjon. Foto: Jo Bergersen

Samling og kurs for næringsmedarbeidarar 2.–3. september

Fylkeskommunen si næringsavdeling og Innovasjon Norge inviterte næringsmedarbeidarar i kommunar og næringsselskap til samling og kurs på Sandane 2. og 3. september 2015. Kva som vart gjennomgått og dei ulike presentasjonane kan du sjå her. 

Fylkeskommunen si næringsavdeling og Innovasjon Norge inviterte næringsmedarbeidarar i kommunar og næringsselskap til samling og kurs 2. og 3.september. Endre Høgalmen frå næringsavdelinga og Elin Botnen Viken får Innovasjon Norge innleia samlinga med å presentere nokre tankar om tilbodet til etablerarar, deriblant eit justert kurs for etablerarar. Næringsmedarbeidarane gav tilbakemeldingar som er av nytte i det vidare arbeidet, m.a. med det justerte tilbodet til etablerarar frå 2016.

Deltakarane fekk også bli betre kjend med Innovasjon Norge sine tilbod til etablerarar, og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Fram Flora sine inkubatortilbod.  Etter lunsj fekk vi eit kurs i smidig oppstart (Lean Startup), som Andrè Kalstad frå Innovasjon Norge stod for.

Torsdag 3.september friska Rune Fromreide frå Innovasjon Norge oppatt kunnskap om sakshandsaming. Birte Tuxen Bø frå næringsavdelinga informerte om retningsliner for kommunale næringsfond og korleis ein sikrar god bruk av midlane. Etter lunsj held Kristian Hyllestad frå Spine as eit kurs i regionalforvalting.no, som vert nytta i samband med tilskotsforvaltninga.

Alle presentasjonane finn du her:

Endre Høgalmen frå næringsavdelinga: etablerarkurs og tilbodet til etablerarar

Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane: inkubatortilbodet

Elin Botnen Viken frå Innovasjon Norge: Innovasjon Norge sine tilbod til etablerarar

Vanja Viken frå Fram Flora: industriinkubator

Andrè Kalstad frå Innovasjon Norge: kurs i smidig oppstart (Lean Startup)

Rune Fromreide frå Innovasjon Norge: sentrale prinsipp om sakshandsaming

Birte Tuxen Bø frå næringsavdelinga: kommunale næringsfond

Kristian Hyllestad frå Spine as: oppfriskningskurs i regionalforvaltning.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00