Byporten i Høyanger sett frå samfunnshuset
Byporten i Høyanger sett frå samfunnshuset

Byporten i Høyanger

Samling for Kulturnettverk Sogn i Høyanger

Førre veke var fylkeskommunen med på samlinga til Kulturnettverk Sogn i Høyanger. Status, oppfølging og vidare arbeid med Lokale kulturminneplanar var hovudtema for møtet. 

Status for kulturminneplan

Representantar frå Høyanger, Aurland, Leikanger og Årdal kommune deltok på samlinga. Alle kommunane har vedtatt å lage ein kulturminneplan, men dei er i ulike stadium i arbeidet. Nokre er ferdige, medan andre framleis er usikre på korleis dei skal gå fram. 

Høyanger er ein av kommunane som er i mål med arbeidet med planen. Den vart vedtatt i år og er ein kulturminne- og strategiplan for 2016–2019. Planen er samansett av ein samfunnsdel og ein historisk del. Såleis legg dei vekt på både forvaltinga av kulturminna og formidlinga av kunnskapen dei har samla inn. I løpet av samlinga fekk vi ein guida tur innom ulike kulturminner i Høyanger sentrum.

I utgangspunktet hadde Lokale kulturminneplanar ei prosjektramme på tre år frå 2012 til 2015. Fylkeskommunen har valt å satse vidare på arbeidet i 2016 og 2017. I samband med dette er det tilsett ein ny prosjektleiar: Sigrun Espe i nærings- og kulturavdelinga. 

Møte i Høyanger for Kulturnettverk Sogn.jpg

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00