Samla sett 140 færre søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring

Det er 162 færre søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande skule enn i fjor, medan det er ein liten oppgang i tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift – med søknad til 52 ulike lærefag.

Til vidaregåande opplæring nivå 1 (vg1) har søkjarar med ungdomsrett rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram dei har søkt på. Vidare har søkjarane rett til to år vidare opplæring innanfor same utdanningsprogram. Ungdomsretten gjeld vidaregåande tilbod i heile fylket, men den er ikkje knytt til ein særskilt skule.

Primærsøkjartala som i dag er offentleggjort syner fyrstevala til søkjarar med ungdomsrett. Tala viser såleis ikkje fordelinga av søkjarane til det einskilde tilbodet.

Sogn og Fjordane har 4410 elevplassar i vidaregåande skule. Det er 162 færre søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande skule. 4045 søkjarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring i skule. Det er 41 færre søkjarar til vidaregåande trinn 1 (vg1), 46 færre til vidaregåande trinn 2 (vg2) og 75 færre til vidaregåande trinn 3 (vg3).

Av søkjarane med ungdomsrett i Sogn og Fjordane har 120 søkt skular i andre fylke som fyrsteval. Det gjeld søkjarar gjennom Hordalandsavtalen, søkjarar til landslinjer, søkjarar til private vidaregåande skular og søkjarar til tilbod vi ikkje har i Sogn og Fjordane.
266 søkjarar utan ungdomsrett har søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Desse kan få plass når dei vidaregåande skulane overtek inntaket i august, dersom det vert ledige plassar.

Primærsøkjartal til nye tilbod

  • vg1 Yrkes og studiekompetanse (YSK) service og samferdsel ved Mo og Øyrane vidaregåande skule, 14 søkjarar til 12 plassar
  • vg2 Internasjonal Baccalaureate (IB) ved Dale vidaregåande skule, 5 søkjarar til 3 plassar
  • vg2 maritim produksjonsteknikk ved Dale vidaregåande skule , 6 søkjarar til 6 plassar
  • vg2 reiseliv ved Stryn vidaregåande skule, 10 søkjarar til 6 plassar
  • vg2 sal service ved Stryn vidaregåande skule, 5 søkjarar til 6 plassar
  • søkinga til det landsdekkande tilbodet, vg2 industriell møbelproduksjon ved Eid vidaregåande skule er låg, med 6 søkjarar til 12 plassar.

Til vidaregåande opplæring nivå 1(vg1) søkjer 54 fleire yrkesfag og 95 færre søkjer studieførebuande utdanningstrinn

Det er auke til søkinga til elektrofag, service og samferdsle, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag.
Det er nedgang i søkinga til studiespesialisering, musikk, dans og drama og teknikk og industriell produksjon.

Til vidaregåande opplæring nivå 2 (vg2) er det er det auke i søkinga til studiespesialisering , og elektrofag. Det er nedgang i søkinga til vg2 idrettsfag, bygg og anleggsteknikk, medium og kommunikasjon, service og samferdsle og teknikk og industriell produksjon. Til vg2 kjemiprosess er det ekstra låg søknad med 3 primærsøkjarar til 12 plassar.
Det er nedgang i søkinga til vidaregåande opplæring nivå3(vg3) studiespesialisering.
Søkinga til nivå 2(vg2) og nivå3(vg3) er resultat av søkinga til utdanningsprogramma på vg1 skuleåret 2014-15.
Til vg3 påbygging til generell studiekompetanse er det 19 færre søkjarar enn i fjor ( 189 mot 208).

Søkjarar til opplæring i bedrift

Sogn og Fjordane har 786 læreplassar i bedrift.
Det er 514 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det er 22 fleire enn i fjor. Det er i alt søkjarar til 52 ulike lærefag.

Desse lærefaga har auke i søkinga

  • dataelektronikarfaget
  • elektrikarfaget
  • fjell- og bergverksfaget
  • salsfaget
  • yrkessjåførfaget

Desse lærefaga har nedgang i søkinga:

  • Bilfaget, tunge køyretøy
  • Frisør

Hovudutvalet for opplæring gjer vedtak om justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2015-2016 i møtet den 25.mars.

Vidare tidsplan for inntak til skuleåret 2015–2016

7. juli: Melding om første inntak
16. juli: Svarfrist første inntak
31. juli: Melding om andre inntak
5. august: Svarfrist andre inntak
10. august: Skulane overtek inntaket

For meir informasjon

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30956

Reidun Liljedahl Fimreite
teamleiar
reidun.liljedahl.fimreite@sfj.no
415 30973

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00