Samla oversikt over oppvekst og levekår

Indikator for samla oversikt over oppvekst og levekår. Kjelde: FHI og SSB

Tabell med tal

Levekåra i Sogn og Fjordane er betre enn landsgjennomsnittet. Berre på ein av indikatorane, lesedugleik blant 5.klassingar, scorar fylket dårlegare enn gjennomsnittet for landet. Prosentdelen av born som er omfatta av barnevernstiltak er om lag det same i Sogn og Fjordasne som i landet elles. På alle andre levekårsindikatorar ligg fylket betre an enn landsgjennomsnittet.

Det er likevel nokre skjer i sjøen. Dette gjeld i særleg grad ungdom. Både talet på unge som bur i hushald med låg inntekt, talet på 5.klassingar med låg lesedugleik og talet på born med barnevernstiltak har auka dei siste åra. Talet på born som bur med berre ein omsorgsperson har halde seg uendra i Sogn og Fjordane dei siste åra, medan det har blitt færre i landet elles. Dette viser at unge i Sogn og Fjordane, på nokre område, har hatt ein svakare levekårsutvikling enn resten av landet.

FORKLARING TIL FIGURANE

Under kvar indikator er det ein tabell med celler som er fargelagde. Den fyrste spalta, «Nivået», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane i dag er betre (grøn farge), lik (gul farge) eller dårlegare (raud farge) enn landsgjennomsnittet. Den andre spalta, «Utviklinga i fylket», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har blitt betre (grøn), er uendra (gul) eller blitt dårlegare (raud) i løpet av den perioden vi ser på. Perioden er ulik for dei forskjellige variablane, avhengig av kva datamateriale som er tilgjengeleg. Den tredje spalta, «Utviklinga samanlikna med landet», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har utvikla seg betre (grøn), lik (gul) eller dårlegare (raud) enn landsgjennomsnittet i den perioden vi ser på. Kvite celler viser at vi ikkje har tal.

Relevante lenkjer:
Helseovervakingsdokumentet PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette