Samfunnsansvar føreset ringverknader

Fylkesordføraren meiner at argumenta for meir – og ikkje mindre – petroleumsaktivitet i Sogn og Fjordane, er mange. Måndag vil fylkeskommunen saman med Flora kommune ha møte med både Olje- og energidepartementet og Statoil om saka.

Statoil har så langt tilrådd ei forsyningsløysing som går på tvers av argumenta frå Sogn og Fjordane. Ei slik løysing vil etter fylkesordføraren si meining bryte med gjeldande konsesjonsvilkår. Ei slik løysing vil også utfordre ei vanleg og innarbeidd oppfatning om at haldninga til samfunnsansvar først vert truverdig om vi ser tydelege og store ringverknader i regionen der ressursane vert utvunne. Eventuell opning av nye område er eit interessant tema i den samanheng.

– Sogn og Fjordane ligg nærast fleire store felt med venta levetid til 2040, om ikkje lenger. Så langt vi kan forstå, skaper dette eit sjeldan godt grunnlag for å sameine omsyn til politikk, samfunnsansvar og miljø – med utgangspunkt i Fjord Base og Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Fylkesordføraren har stor forståing for at signala frå Statoil har skapt sterk uro hjå mange. Dei mange signala gjev ei brei forankring for å stå på vidare i saka. Måndag vil fylkeskommunen saman med Flora kommune ha møte med både statssekretær Kåre Fostervold i Olje- og energidepartementet og konserndirektør Øystein Michelsen i Statoil.

– Vi vil vere klare på at konsekvensbiletet er utydeleg, og at det er vanskeleg å forstå korleis Statoil kan kome fram til den innsparinga dei viser til. Statoil må synleggjere desse forholda betre før dei som selskap fattar sitt endelege vedtak i saka, seier Kjelsnes.

For meir informasjon, kontakt:

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar Sogn og Fjordane
tlf: 918 88 568

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568