Samferdsleministeren og fiskeriministeren til møte i Vestlandsrådet

Ein rapport Vestlandsrådet nyleg fekk utarbeidd, viser mellom anna at det meste av verdiskapinga innan marine og maritime næringar i landet går føre seg på Vestlandet. Og at marine og maritime næringar på Vestlandet representerer ti prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt (BNP).

– At fiskeriministeren vel å delta på møte hjå oss, samsvarer med den verdiskapinga Vestlandet har innan havbruk og fiskeri. Rapporten gir grunn til optimisme og tru på ei berekraftig utvikling på Vestlandet, meiner Tvedt.

Møtet for Vestlandsrådet blir halde på Flesland, Clarion Hotel Bergen Airport, tysdag 14. juni klokka 10.00. Sjå programmet for møtet.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vil få overrekt det ferske handlingsprogrammet for samferdsle på Vestlandet. Her er både ferjefri E39, rassikring, vedlikehald av vegkapitalen, Stad skipstunnel og framlegg til nye finansieringsmodellar presentert.

Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet blant anna fremje landsdelen nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen og aktivt påverke rammevilkår for landsdelen.

Kontaktinformasjon

Tom Tvedt, leiar av Vestlandsrådet, tlf 971 99 233
Trond Ueland, sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, tlf 913 37 410

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00