Foto som syner deltakarane på eit samarbeidsmøte mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen, UDI, IMDi, KS og Nav. Dei er stilte opp på ein balkong på Statens hus, og i bakgrunnen ser vi Leikanger.
Foto som syner deltakarane på eit samarbeidsmøte mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen, UDI, IMDi, KS og Nav. Dei er stilte opp på ein balkong på Statens hus, og i bakgrunnen ser vi Leikanger.

F.v.: Fylkesmann Anne Karin Hamre, fylkesordførar Jenny Følling, fylkesdirektør i Nav Tore Thorsnes, ass. fylkesdirektør i Nav Knut Steinar Eitungjerde, rådgjevar hjå Fylkesmannen Magne-Bjarte Hatlem, teamleiar hjå fylkeskommunen Kenth Rune Teigen Måren, rådgjevar hjå fylkeskommunen Kristin Rundsveen, ass. fylkesmann Gunnar O. Hæreid, regiondirektør i IMDi Ohene Aboagye, utdanningsdirektør John Ole Vange, rådgjevar i IMDi Shahnaz Amin Haaq. (Foto: Solveig Mork Holmøyvik, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Samde om nytt integreringsprosjekt

Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Nav og KS i Sogn og Fjordane vil samarbeide med statlege etatar om eit nytt prosjekt for meir heilskapleg integrering av arbeidsinnvandrarar og asylsøkjarar.

Det vart klart på eit samarbeidsmøte om integrering mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen, KS, Nav, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Utlendingsdirektoratet (UDI) 3. mars.

Språk og arbeid er utfordringa

– Vi treng ein arena for å vidareutvikle dagens system, vi må styrke både dei faglege kvalifikasjonane og norskopplæringa for dei som kjem til landet. Vi har ein jobb å gjere med å få fleire ut i arbeid. Det skal dette prosjektet hjelpe oss og andre med, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Ho strekar under at Sogn og Fjordane har god tilføring av busette og er flinke til å busetje folk. Utfordringa er å syte for tilstrekkeleg språkopplæring og å få folk ut i arbeid.

Det nye tverrfaglege prosjektet skal ta føre seg nettopp dette, og IMDi understreka kor viktig det er å tenke heilskap i integreringsarbeidet. Språkopplæring og integrering for både arbeidsinnvandrarar og flyktningar må sjåast i samanheng.

Utfordringar og moglegheiter

Målet med samarbeidsmøtet 3. mars var å dele informasjon og å ha ein dialog om utfordringar og moglegheiter knytt til handtering av flyktningar, asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar.

Ei aktuell utfordring har vore variasjonen i flyktningstraumen; frå eitt år til neste er talet på flyktningar halvert. Dette har ført til at fleire asylmottak har vorte avvikla, og viktigheita av god dialog og informasjon i samband med det vart spesielt understreka.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568