Samarbeid og prioriteringar

Det er mange forhold som legg føringar for ein rutestruktur. Mange reisebehov har definerte klokkeslett å forholde seg til. Skule, arbeid, ferje, og korrespondansar er døme på partar som set krav til tidspunkt.

Når ruter heng saman over eit større geografisk område, set det store krav til planlegging, dialog, og koordinering. I Sogn og Fjordane har det vore prioritert å skreddarsy rutene slik at dei reisande rekk reisemåla sine utan for mykje ventetid. Dette er spesielt viktig sidan det er lenge mellom dei få avgangane.

Ulike interesser står gjerne mot kvarandre når ruteløp skal settast opp. Skal ruta gå slik at arbeidspendlarar kan nytte ruta, eller skal vi prioritere eit samband til Bergen? Årleg vert det behandla nærare 100 konkrete ruteinnspel frå kommunar og interessentar. I tillegg kjem det mange endringar i skuleskyss, ferjetider og korresponderande langruter som gjer at rutesystemet må reviderast. Ofte har aktørane ulike periodar og tidspunkt for endring slik at rutene kan få ulike periodar gjennom året.

Utfordringar

Rutesystemet i Sogn og Fjordane skil seg ut ved at vi har stor grad av skreddarsaum i rutesystemet. Eit grisgrendt fylke med marginalt kundegrunnlag, gjer at det ikkje er aktuelt å setje opp 10 minutts avgangar rundt omkring. Kvar rute som går er tilpassa spesifikke reisebehov, t.d. ei arbeidsrute.

På mange rutestrekningar har vi ulike ordningar på ulike avgangar og dagar alt etter behovet. Eksempelvis kan det vere bestillingsordning på trafikksvake avgangar. På andre ruter kan det vere enkelte avgangar som tek ein avstikkar innom t.d. ein arbeidsstad. Mange ruter er innstilt i trafikksvake periodar som sommar, jul og påske. Andre grep er ruter som er spesielt innretta mot vekependlarar fredag og søndag kveld.

I rutesystemet er det mange ulike ruteperiodar. Ferjene skiftar ved nyttår, og kan i tillegg ha sommar- og vinterperiodar. Buss og båtrutene skiftar etter endt skuleår. I tillegg er det andre premissgjevarar i rutesystemet som har andre tidspunkt for skifte. I sum gjer dette at vi får fleire ruteperiodar gjennom året.

Det er eit mål at ruteperiodane skal vere planlagde og kunngjorde minst eit år fram i tid. For reiselivsnæringa er det viktig med lang planleggingshorisont. Det er og viktig med langsiktig planlegging for å sikre ein optimalisert ruteproduksjon. Dette set krav til langsiktig tenking hos alle partar.  

Når rutene vert endra er det stadig føreteke val som prioriterer nokre brukargrupper framom andre. Løysingar som treff godt i eit område treng ikkje vere dei rette i eit anna område. Til dømes er behova ofte annleis i ein kystkommune med mange øyar samanlikna med tettstadar langs stamvegane.

For å finne dei rette prioriteringane er det viktig med god dialog med kommunane, der kommunane gjerne uttalar seg og samordnar innspela frå ulike interesser i kommunen. Vidare er det viktig med politisk prioritering gjennom politiske saker i fylkeskommunen.

Behovet for dialog, samarbeid, avgjerder og informasjon er stort.

Eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane som er ein del av det totale rutesystemet er viktig for å sikre eit heilskapleg og godt fungerande rutenett. 

Det er viktig med tett dialog inn mot kommunane slik at vi kjenner lokale behov når det skal prioriterast mellom ulike reisebehov.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00