Foto frå fellesmøtet mellom fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland i Gulen 27. oktober 2017. Biletet er teke framfrå og syner forsamlinga.
Foto frå fellesmøtet mellom fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland i Gulen 27. oktober 2017. Biletet er teke framfrå og syner forsamlinga.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane er samla til drøftingsmøte i Gulen 27. oktober.

Samanslåinga av dei to vestlandsfylka i gong

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane sit no i sitt første felles møte på historisk grunn. Dette er starten på arbeidet med samanslåing av dei to fylka.

Dette er det aller første felles drøftingsmøtet mellom dei to fylkestinga, og dei 88 folkevalde er samla i Gulen på Dalsøyra barne- og ungdomsskule. Frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet blir statssekretær Anne Karin Olli med.

– Dette er ein historisk dag. Dei to fylka har ei lang historie som byggjer på felles identitet. Dette skal vi ta med oss i vidare i arbeidet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Hordaland) og fylkesordførar Jenny Følling (Sogn og Fjordane) .

Reglement for fellesnemd

På møtet skal funksjonane og reglementet for fellesnemda drøftast. Det er fellesnemda som får i oppgåve å mellom anna sjå på kor mange representantar som skal inn det det nye fylkestinget etter 2020. Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføring av samanslåing er også eit tema.

– No skal vi stadfeste intensjonsavtalen, og byrjar for alvor arbeidet med å vidareutvikle samfunsstenestene, seier dei to fylkesordførarane.

Namn på det nye fylket er ikkje avklara, og ei av sakene som skal drøftast.  I det vidare arbeidet skal det på plass namn og nytt fylkesvåpen som kan vere eit samlande symbol for dei to noverande vestlandsfylka.

Når den felles drøftinga er over, samlar kvart fylkesting seg og skal gjere kvar sine vedtak i sakene som har vore drøfta.

Desse vedtaka skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med samanslåing av dei to fylka, 1. januar 2020.

Markering på historisk stad

Etter at vedtaka er gjort, reiser dei to fylkestinga til Eivindvik og møtest til ei felles markering på historisk stad på Gulatinget. Her blir det kulturinnslag og ei symbolsk markering av at Stortinget i juni vedtok å slå saman dei to fylka.

Alle tidlegare fylkesordførarar, fylkesrådmenn, samt noverande og tidlegare fylkesmenn er invitert til å delta.

Det er lagt ut foto frå møtet i Gulen på Flickr-kontoen til fylkeskommunen.

For meir informasjon

Fylkesordførar Jenny Følling
Sogn og Fjordane
479 05 990

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun
Hordaland
995 64 643

Dirigentbordet med f.v. fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun og fylkesrådmann i Hordaland, Rune Haugsdal.
F.v. fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun og fylkesrådmann i Hordaland Rune Haugsdal.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568