Foto som syner ein ferjekai i Florø i skumringa. Det er flott lys over byen, og vi ser noko av både sjø og by.
Foto som syner ein ferjekai i Florø i skumringa. Det er flott lys over byen, og vi ser noko av både sjø og by.

Foto: Arne Hjort Johansen/www.flickr.com

Samandrag

Frå 2000 til 2016 har folketalet i Sogn og Fjordane auka med om lag 2000 personar. Dette er ein vekst på 2%. På landsbasis var veksten 16 % i same periode. Det er forventa at folketalet vil vere 118000 personar i 2040, ein vekst på 8000 frå i dag. Det er forventa at aldersgruppa 68 år og eldre vil stå for det meste av veksten i folketalet.

Sogn og Fjordane er eit desentralisert fylke, med få store senter. Likevel ser vi at ein større del av befolkninga i fylket bur i eller nær større byar og tettstader, og netto flyttestraumar går frå periferi til sentrum. Dette er ein langsiktig trend som skjer globalt, nasjonalt og i den einskilde kommune. 

BAS-område og pendling

Transportplanlegginga må legge til rette for styrking av bustad,- arbeids,- og serviceregionar i Sogn og Fjordane. Sterke BAS-områder er definert i Regional planstrategi 2016-2020 som ein viktig strategi for å hindre nasjonal sentralisering og sterkare befolkningsvekst i Sogn og Fjordane. Sunnfjord, Sogndalsområdet og Nordfjord er definert som tre sjølvforsterkande bu- og arbeidsområder.

Analysar av pendlestraumane i fylket viser at spesielt Førde og Sogndal/Leikanger står fram som viktige innpendlingskommunar, og som sentrumsråde i kvar sin region. Av sysselsette med bustad i fylket jobbar 75 prosent i same kommune som dei bur. Det har i fleire år vore ein auke i andelen sysselsette som pendlar til ein annan kommune enn der dei bur.

Ei realisering av Kystvegen vil korte ned reiseavstandar mellom kystkommunane monaleg, og vil gje stor bu- og arbeidsmarknadseffekt for einskildstader. Analyser viser på ein annan side at vegen ikkje vil skape ein ny 45-minutts BAS-region som knyt saman større stader langs kysten.

Transportbehov

Analysar av transportbehov innan offentleg og privat sektor viser at det er behov for føreseieleg framkome og eit påliteleg transportbehov. For naudetatane er det nødvendig med naudnett for å oppretthalde ein kontinuerleg kommunikasjon med m.a. amk-sentralar. For næringslivet er det viktig med ei sterkare satsing på fylkesvegane. Vegsikring og utbetring av vegnettet som styrker naturlege bu- og arbeidsområde må prioriterast.

Klima og miljø

I grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan 2018 – 2029 har dei statlege transportetatane klima- og miljø som eitt av tre hovudmål. Gjennom Regional planstrategi for 2016-2020 har fylkeskommunen lagt internasjonale mål og føringar til grunn  for sine målsettingar om å redusere klimagassutslepp.   Desse måla ligg også til grunn for arbeidet med Regional transportplan 2018 – 2027.

Klimagassutsleppa frå kollektivtrafikken i Sogn og Fjordane var 43,9 tusen tonn CO2-ekvivalentar i 2015. Dei største utsleppa kjem frå hurtigbåt og ferje. I analysearbeidet er det vurdert korleis fylkeskommunen skal redusere klimagassutsleppa innan kollektivtrafikken og verte så godt som utsleppsfri innan 2050. Ulike typar teknologiar er vurderte, men den beste løysinga for fylkeskommunen vil truleg vere å stille krav til klimareduksjon gjennom anbod på buss, båt og ferje – og ikkje stille krav til type teknologi. Ei omlegging klimagassreduserande teknologi vil medføre store kostnader for fylkeskommunen, både når det gjeld transportmiddel og naudsynt infrastruktur knytt til aktuell teknologi.

I 2015 var i underkant av 1 % av bilparken i Sogn og Fjordane elbilar. Ein viktig føresetnad for å auke graden av elbilar i fylket er omfattande utbygging av ladestasjonar både på riks- og fylkesvegnettet.

Større tettstader har større potensial til klimagassreduksjon enn distrikta. Det ligg betre til rette for både mindre bilkøyring og meir bruk av kollektivtilbod samt at kortare avstandar gjer gåing og sykling  meir aktuelt som transportform.

Klimatilpassing

Det er meir aktuelt enn nokon gong å klimatilpasse både eksisterande og ny infrastruktur til klimaendringane. For fylkeskommunen vil det bety auka satsing på drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Klimaprofilen for Sogn og Fjordane (2016) forventar auka årstemperatur, auka årsnedbør, kraftigare og hyppigare periodar med styrtregn, større og oftare flaumar, mindre snø i låglandet og meir snø i enkelte område i høgfjellet. Desse endringane kan gje auka fare m.a. for flaum og skred.

Fylkesveg

I Regional transportplan 2014 – 2023 fastsette fylkestinget ei funksjonsinndeling av fylkesvegnettet i fire ulike funksjonsklassar. Denne funksjonsinndelinga skal leggast til grunn for prioritering av drifts- og vedelikehaldstiltak samt mindre investeringstiltak på vegnettet. Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet er rekna til om lag 4,2 mrd. kr.

I desember 2015 vedtok fylkestinget ein rehabiliteringsplan for fylkesvegtunnelane med føremål å utbetre tunnelane i tråd med tunnelsikkerheitsforskrifta. I tillegg skal det gjennomførast nødvendige tiltak etter faglege råd frå Statens vegvesen. Det er sett av 1,4 mrd. kr til dette arbeidet.  Utbygging av naudnett er ikkje inkludert i dette arbeidet.

Kollektivtransport

Kollektivtransport er eit fellesnamn for eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle. Fylkeskommunen er ansvarleg for kollektivtransporten på veg og sjø i fylket (buss, båt og fylkesvegferje) og har som mål å gje innbyggarane  i fylket eit godt og tenleg kollektivtilbod. Eit godt utbygd kollektivtilbod er ein sentral del av transporttilbodet til dei som ikkje har moglegheit til å nytte bil. Vidare vil det verte ein viktig bidragsytar til reduserte klimagassutslepp i åra som kjem.

Fylkeskommunen kjøper rutetenester for om lag 650 mill. kr i året på buss, båt og ferje. Billettinntektene finansierer om lag 1/3 av rutetilbodet i fylket. Eit heilskapleg rutenett er viktig for å sikre desse inntektene. Fylkeskommunen legg vekt på eit godt og langsiktig marknadsarbeid og satsar tungt på informasjon til brukarane.

Trafikktrygging

Trafikkulukker påfører store menneskelege lidingar og medfører store samfunnskostnader. Ulukker med tal drepne og hardt skadde varierer frå år til år. Det er eit overordna mål å redusere tal drepne og hardt skadde i trafikken i Sogn og Fjordane til 16 i 2024. Dei mest vanlege ulukketypane på fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane er møteulukker og utforkøyringsulukker. Dei mest utsette er i alderen 18-24 år. I tillegg ser vi at eldre over 75 år er svært utsett for ulukker i høve til kor langt dei køyrer.

Riksveg

I Sogn og Fjordane har vi 714 km riksveg som står for meir enn 50 prosent av trafikkmengda. Riskvegane er hovudpulsåra i det overordna vegtransportsystemet. Også riksvegnettet er prega av eit betydeleg vedlikehaldsetterslep som medfører høgare kostnader til drift enn om vegnettet hadde ein tilfredsstillande standard. For å få eit godt og fullverdig riksvegnett i Sogn og Fjordane er det viktig med utbetring/utbygging av parsellar på E39, E16, rv. 5 og rv. 15.

Skredsikring

Behovet for skredsikring av riks- og fylkesvegnettet er stort både på Vestlandet og i Sogn og Fjordane. Det er registrert 715 skredpunkt på riks og fylkesvegnettet i Region vest. Kvart år vert det registrert i snitt 525 skred på riks- og fylkesvegane i Region vest. På riksvegnettet er det registrert 56 skredpunkt, der 23 av punkta er i skredfaregruppe «høg». Kostnaden med å sikre alle skredpunkta på riksvegnettet er rekna til om lag 3,7 mrd. kr. 

På fylkesvegnettet i Region vest er det kvart år registrert i snitt 270 skred i året. På fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane er det registrert 280 skredpunkt, der 80 punkt er i skredfaregruppe «høg». Kostnaden med å sikre dei registrerte skredpunkta er rekna til om lag 8,6 mrd. kr, og då manglar vi kostnaden på totalt 157 skredpunkt.

Luftfart

I 2015 gjennomførte Avinor ei vurdering av lufthamnstrukturen på kortbanenettet der 17 lokale lufthamner vart vurdert. Ingen lufthamner vart lagt ned i 2015, men Avinor la til grunn at kostnadane med drifta av kortbanenettet måtte reduserast med 100 – 150 mill. kr. Avinor skal gjere ei ny vurdering i 2019.

I Sogn og Fjordane kjøper staten flyrutetenester gjennom FOT-ordninga (forpliktande offentlege tenestekjøp). 1. april 2016 vart flyrutetilbodet i Florø kommersielt. Vi ser at trafikken over tid går ned på alle lufthamnene, med klart størst nedgang for Florø lufthamn. Dette kan skuldast både nedgang i oljebransjen og at rutene vart kommersielle frå 1, april 2016. Rutetilbodet mellom dei andre lufthamnene og Oslo er vurdert som tilfredstillande, men det kan bli betre tilbod til/frå Bergen.

Godstransport

Analysane viser at det per år vert transportert om lag 500 millionar tonn gods i Norge. 41 % av all innanriks transportarbeid for gods skjer på sjø, 53 % på veg og 6 % på bane. Viss ein inkluderer utanrikstransporten utgjer sjøtransporten 83 % av godstransportarbeidet.

Sogn og Fjordane har ein desentralisert næringsstruktur der godstransport på veg er viktig. Næringslivet er avhengige av gode transportårer til austlandet og nordover/sørover langs kysten (E39). I løpet av 2017/18 skal det gjennomførast ein godsanalyse på veg i Sogn og Fjordane i samanheng med ein større godsanalyse for heile Vestlandet. Den analysen vil gje oss meir relevant kunnskap om godsstraumane her i fylket.

Overføring av godstransport frå veg til sjø

EU har som mål at 30 % av alt gods som i dag vert transportert med lastebil over ein distanse på meir enn 300 km skal over på kjøl eller bane innan 2030 og 50 % innan 2050. Tilsvarande målsetting i Norge er at største delen av veksten i dei lange transportane skal skje på bane eller sjø.

Arbeidsdelinga mellom transportformene er relativt stabil. Dei ulike transportformene har tilpassa seg marknader der dei i liten grad konkurrerer mot kvarandre, og der konkurranse vanskeleg kan etablerast. Over 90 prosent av vegtransporten sine godsmengder er knytt til korte transportar i samband med bygg- og anleggsarbeid samt lokal varetransport. Utanriks bulktransport svarer for om lag 80 % av volumet på kjøl.

Årleg vert om lag 270 mill. tonn gods transport på veg i Norge. Grunnlagsdokumentet til NTP viser at det på nasjonalt nivå er eit potensiale for overføring av  mellom 5 og 7 million tonn gods frå veg til sjø og bane. 75% av dette potensialet er rekna vil kome på bane, resten på sjø.  Dette potensialet er ikkje brote ned på fylkesnivå slik at vi har ikkje tal på kor stort dette potensialet vil vere i Sogn og Fjordane.

Sjøtransport

Analysen viser at vi har mange hamner i Sogn og Fjordane, som dekker ulike behov for nærings- og persontransport. Flora og Måløy hamn er einaste stamnetthamner i fylket. I tillegg har Sogn og Fjordane fleire hamner for industriformål, eit stort tal fiskerihamner og totalt fem cruisehamner. 

Farleinormalen stiller krav til seglingshøgde/vertikal klarering ved fjordkryssingar tilpassa dei fartøy som normalt går i det aktuelle området/leia. I Sogn og Fjordane er det to aktuelle ferjeavløysingsprosjekt der bru vil erstatte dagens ferje.  Dette gjeld Ytre Steinsund og Atløysambandet, som begge ligg i hovudleia. Det er ikkje cruisetrafikk i området, men det går militære fartøy samt containerskip i leia. Kystverket har difor signalisert at det vil vere krav om minimum 40 meter fri seglingshøgd på desse to kryssingspunkta.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Eksterne lenker

Eksterne lenker

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00