Eit kor med tre eldre kvinner i front syng på Gulatinget i samband med Grunnlovsjubileet i 2014.
Eit kor med tre eldre kvinner i front syng på Gulatinget i samband med Grunnlovsjubileet i 2014.

Felleskoret syng på Grunnlovsjubileet. Fotograf: David Zadig/Sogn og Fylkeskommune.

SAMAN: konferanse om brukar - og pårørandemedverknad i eldreomsorga

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet inviterer til konferanse om brukar- og pårørandemedverknad i eldreomsorga torsdag 06. april på Thon Hotel Jølster på Skei. 

Morgondagens omsorg skal skapast og utviklast saman med brukarar og pårørande og i eit samspel med frivillige, ideelle og private aktørar. Det skal vere eit større mangfald av tilbod, og utover grunnleggjande behov kunne leve eit aktivt og godt liv i fellesskap med andre.

Les programmet for dagen her!

Brukarar og pårørande viktige aktørar

Brukaren, dens familie og sosiale nettverk er dei viktigaste aktørane ved sidan av kommunen. I tillegg er det ein stor ressurs med frivillige og ideelle organisasjonar organisasjonar. 

Det blir ein dag med erfaringar, kompetanse, idear og motivasjon innan brukar- og pårørandemedverknad i kommunen. Alle skal  ha rett til å oppleve gode kvardagar. Velkomen til eit felles løft for å SAMAN skape og utvikle morgondagens omsorg. 

Informasjon og påmelding

Stad: Skei i Jølster, Thon Hotel Jølster

Tid: torsdag 6. april 2017

Målgruppe: Tilsette i helse- og omsorgssektor, kulturtilsette, pårørande, frivillige, lag og organisasjonar og andre interesserte. 

Pris: kr. 450,- inkl. konferanse og mat

Elektronisk på melding her!

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00