Sam-sjukdomar er den nye utfordringa

Helsevesentet sørger for at dei fleste som er sjuke blir friske att, men det er likevel stadig fleire som kjenner seg sjuke. Dei slit med negative verknader av sosiale forhold som samliv, samarbeid og samhandling. Desse er vanskelegare å hjelpe.

- Førebyggande helsearbeid blir veldig viktig i tida som kjem. Frå fokus på det sjukdoms-førebyggande arbeidet (mat, røyk, mosjon) til helsefremjande arbeid (fokus på kultur, lokalsamfunn, naboskap). Det blir viktigare å styrke dei positive faktorane enn å minske dei negative.

Professor Peter F. Hjort, som har arbeidd mykje med helseopplysning og forebyggande arbeid, er forelesar på konferansen ”Trygge lokalsamfunn Sogn og Fjordane” 12.-13. oktober. Han meiner fokus i folkehelsearbeidet bør dreie frå sjukdomsførebygging til helsefremjande arbeid.

- Eg er opptatt av mangfaldet i folkehelsearbeidet. Vi ser to hovudtrekk i utviklinga. Det eine går på årsaker, som er relatert til forhold i samliv, samarbeid, samtale og samfunn. Det andre er symptoma, som er diffuse, men er slike som smerter, depresjon, trøttheit og utbrentheit. Medisinen er til liten hjelp når vi ikkje finn objektive symptom. Men dersom vi set fokus på arbeidsplassane, heimane og lokalsamfunn kan vi få gjort noko. Inkluderande arbeidsliv er ein riktig måte å tenkje på. Det er så mykje vanskelegare i forhold til heimane, men vi har alle ansvaret saman, seier Hjort

Sats på ungdommen

 

Den 81-årige professoren i medisin er for øvrig meir oppteken av dei unge enn av sin eigen generasjon.Då Peter F. Hjorth foreleste på "Framtidscollage 2002" for nokre år sidan

fekk han svært god kontakt med ungdomane, men han observerte noko som er viktig for Sogn og Fjordane å gjere noko med.

 

- Det var handsopprekning på kven som hadde tenkt å flytte ut av fylket etter endt utdanning. Over halvparten retta opp handa. Sogn og Fjordane må legge til rette for ungdom! Gløym dei gamle, sats på ungdommen, særleg den vesle gruppa som ikkje klarer livet sitt. Helsesøstrene veit tidleg kven desse ungane er.

Imponert

Peter F. Hjort har følgt med i utviklinga i Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Han var nestleiar i Sogn og Fjordane prosjektet på nitti-talet. Dette var starten på det som i dag er eit omfattande folkehelsearbeid i fylket.

Kva betydning, trur du det har at Sogn og Fjordane no blir utnemnt til trygt fylke? Vil folk merke det?

- Eg trur det har stor betydning. Det stimulerer folk å få ei slik anerkjenning. Men ein må også arbeide veldig konkret og praktisk vidare, seier Hjort.
Du har vore med sidan starten med Julius Fure og Sogn og Fjordane-prosjektet, har utviklinga her i fylket gått som forventa, slik du ser det?

- Eg er imponert. Trudde Sogn og Fjordane prosjektet kom til å dø etter avslutninga av prosjektet, men det heldt fram. Alt avhenger av eldsjeler og Emma Bjørnsen er ei slik eldsjel, avsluttar Peter F. Hjort som skal på tur i Lodalen, før han held fram konferansen utover kvelden.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette