Sal av Prestebøen til Førde kommune

Fylkeskommunen er samde med Førde kommune om sal av Prestebøen, sidan eigedomen ikkje lenger skal nyttast til fylkeskommunale føremål. Førde kommune er villige til å kjøpe eigedomen for 13 millionar kroner. Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å godkjenne salet i møtet 22.mars 2010.

Dei fylkeskommunale avdelingane som har hatt Prestebøen som kontorstad flytter til SEIF - bygget på Meieritomta sommaren 2010. Førde kommune har sidan flyttevedtaket vart gjort, signalisert si interesse for å overta eigedomen på gnr. 22 bnr. 233. Det har vore kontakt mellom fylkesrådmannen og rådmannen i Førde kommune i denne saka sidan hausten 2009.

Helse Førde har og meldt si interesse for desse kontorlokala på Prestebøen, og dei har vurdert korleis dei kan flytte aktivitetar som i dag har vanskeleg arbeidstilhøve til desse lokala. Sidan både Førde kommune og Helse Førde har synt interesse for lokala på Prestebøen, har dei gått saman for å finne fram til korleis dei fellesskap kan utnytte eigedomen. Dei har konkludert med at Førde kommune står som kjøpar, og at Helse Førde kan inngå leigeavtale med kommunen.

Sak 35/10 - Sal av Prestebøen i Førde

Del dette:

Relaterte lenker