Foto av Åshild Kjelsnes og Geir Ove Bakken i Nasjonal rassikringsgruppe i ein korridor på Stortinget.
Foto av Åshild Kjelsnes og Geir Ove Bakken i Nasjonal rassikringsgruppe i ein korridor på Stortinget.

Leiar Åshild Kjelsnes og nestleiar Geir Ove Bakken i Nasjonal rassikringsgruppe deltok på stortingshøyringa i transport- og kommunikasjonskomiteen. Der etterlyste dei både meir pengar til og ein nasjonal plan for rassikring.

Saknar ein rassikringsplan

Nasjonal rassikringsgruppe er skuffa over løyvingane til rassikring i framlegget til statsbudsjett. Dei vil ha på plass ein nasjonal plan.

Den nasjonale rassikringsgruppa møtte 27. oktober i Stortinget for å delta på høyringa om statsbudsjettet i transport- og kommunikasjonskomiteen.

– Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er for dårleg og for lite offensivt. Vi hadde venta at ei regjering som snakkar så ofte om samferdslesatsinga si, hadde satsa sterkare på noko så viktig som rassikring, seier leiar Åshild Kjelsnes, som også er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane.

Tek for lang tid

Kjelsnes møtte i Stortinget saman med nestleiar Geir Ove Bakken frå Finnmark. Dei la fram eit sterkt ønske om ein nasjonal plan med konkrete tidsperspektiv for skredsikring av det offentlege vegnettet. Nasjonal rassikringsgruppe har eit uttalt mål om at alle offentlege vegar i landet skal vere sikra mot skred innan 2030.

– Vi har møtt stor forståing for målsetjinga vår. Difor trur vi at ein offensiv plan med konkrete mål for å sikre heile vegnettet vil ha gode sjansar for å få tilslutning, seier Kjelsnes.

Treng 3,4 milliardar i året

Tal frå Statens vegvesen syner at dei totale kostnadane for sikring av vegnettet er på 47,4 milliardar kroner. Då er alle rasprosjekt av høg eller middels faregrad i rasoversiktene til vegvesenet lagt saman. Det betyr at det trengst nær 3,4 milliardar i året for å nå målet om sikring innan 2030.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 1,34 milliardar kroner til rassikring i 2017 – 688 til fylkesvegar og 659 til riksvegar. Dette er langt under det den nasjonale rassikringsgruppa meiner er naudsynt.

– Med løyvingane regjeringa legg opp til, vil ikkje det offentlege vegnettet vårt vere sikra før i 2051. Det er for seint, slår Kjelsnes fast.

Behovet for rassikringsmidlar fordelar seg slik i dei ulike delane av landet

  • 22,2 mrd kr i region Vest
  • 17,7 mrd kr i region Nord
  • 3,9 mrd kr i region Midt
  • 3,1 mrd kr i region Øst
  • 0,4 mrd. kr. i region Sør

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
leiar, Nasjonal rassikringsgruppe
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no