Reykjavik; forum for lærdom, meinigsutveksling og kontaktar

Det er fotfolket, dei som arbeider konkret med utfordringane i å bygge opp Trygge Lokalsamfunn som møtest til den 2. Europeiske Trygge Lokalsamfunnkonferansen i Reykjavik. Departement og nasjonale politikarar glimrar med sitt fråver.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er eit heiderleg unntak som stiller med dei to erfarne fylkespolitikarane Åshild Kjelsnes (Ap) og Margreta Navelsaker (Sp). Den fyldige delegasjonen frå Sogn og Fjordane viser at fylket vårt arbeider godt med dette framtidsretta emnet.

Nytt kommunalt ansvar

Fylkesmannen sine to representantar Bjørg Eikum Tang og Jens Tore Eggum arbeider til dømes for å innarbeide den nye lova om Krisesenter i handlingsplanar mot vald og overgrep i kommunane. Her samarbeider fylkesmannen med Kriminalomsorg i fridom, politi, barnevern og helse- og sosialteneta i kommunane for å lære opp dei som skal handtere den nye utfordringa som Krisesentra vil by på. Samtidig er Ressurssenter for vald, traume og sjølvmordførebyggande arbeid også inne i samarbeidet. Dette viser litt av kor vanskeleg det er å samordne eit slikt arbeid. Det vert halde tre samlingar for kommunane i 2010 der eit av måla er å lage slike kommunale handlingsplanar.

Stort potensiale, små ressursar

– Vi har lært her i Reykjavik at vald og overgrep er samfunnet si største utfordring når det gjeld skadar og dødsfall. Samstundes vert det dokumentert av den nye presidenten i European Safe Community Network, norske Børge Ytterstad, at ressursane brukt på å førebygge ulukker og dødsfall er på nivå med det som blir brukt på hudsjukdommar, altså veldig lite, seier Bjørg Eikum Tang i folkehelseseksjonen hjå fylkesmannen.

Ho og Jan Tore Eggum i sosial- og barnevernseksjonen hjå fylkesmannen seier at dei tykkjer det er interessant og lærerikt å sjå kor vanskeleg det er å få til samarbeid på tvers av fag- og organisasjonsgrenser.

Stor delegasjon, felles plattform

Solfrid Fossberg i Plan- og samfunnsavdelinga i fylkeskommunen finn det interessant at så mange som arbeider innan same fagområde får ei felles oppfatning av utfordringar og løysingsframlegg ved å opptre i flokk på ein slik konferanse. Her er det også viktig at politikarane er med. Fossberg arbeider mellom anna med Universell utforming, tilgjenge for alle og kollektivtransport i distrikta.

Britt Marie Norheim arbeider i fylkesrådet for funksjonshemma og eldrerådet, Emma Bjørnsen har bygt opp folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane fylkeskommune i tillegg til at ho har vore med i det nasjonale arbeidet med Trygge Lokalsamfunn, Gunn Marie Haugen representerer Høyanger idrettslag samtidig som ho arbeider hjå Øren Transport og Marit Nordstrand er folkehelsekoordinator i Høyanger kommune.

Saman med Audun Heggestad i Trygg Trafikk og dei to fylkespolitikarane utgjer denne delegasjonen eit tverrsnitt av dei ressursane som arbeider med å bygge Trygge Lokalsamfunn i Sogn og Fjordane.

– Resultata av slikt arbeid kjem ikkje med ein gong, dei vil komme over år. Enno er Safe Community-rørsla berre i slutten av starten på byrjinga, men vi er i ferd med å gje Sogn og Fjordane ein god posisjon, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes.

Det russiske døme

–Det er svært viktig med ein skikkeleg overbygnad som kan støtte dette arbeidet. Vi ser at det no vert arbeidd i mange land, og vi lærer nytt og lærer frå oss det vi kan. Samstundes ser vi kvar det er ny kunnskap å hente. Noko som gjorde sterkt inntrykk på meg var å sjå resulta i Russland, der ulukkes- og dødstal gjekk sterkt ned etter at dei tok tak i alkoholmisbruket i trafikken, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

– Kanskje vi i framtida bør få ein minister for førebygging for å samordne dei mange områda Trygge Lokalsamfunn er innom, sa førelesar Johan Lund på konferansen i Reykjavik.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no