Foto som syner pengar på eit bord, 50-lappar, 200-lappar, ein 500-lapp og ein del myntar i ulik valør. Foto: NRK Beta
Foto som syner pengar på eit bord, 50-lappar, 200-lappar, ein 500-lapp og ein del myntar i ulik valør. Foto: NRK Beta

Foto: NRK Beta, Eirik Solheim

Revidert nasjonalbudsjett for 2017

I dag kan du følgje framlegging av revidert nasjonalbudsjett for 2017 direkte. Regjeringa legg også fram kommuneproposisjonen for 2018 i dag.

Finansminister Siv Jensen held pressekonferanse om revidert nasjonalbudsjett torsdag 11. mai kl. 11. Du kan følgje pressekonferansen i nett-tv.

Nettstaden statsbudsjettet.no vert samstundes oppdatert med budsjettdokumenta, pressemeldingar og ei liste med stikkord om endringar i budsjettet.

I det reviderte nasjonalbudsjettet vert hovudtala for norsk økonomi og synet til regjeringa på gjennomføringa av den økonomiske politikken oppdatert. Revidert nasjonalbudsjett vert behandla av Stortinget i juni.

Kommuneproposisjonen

Kommuneproposisjonen for 2018 vert også lagt fram i dag. Denne inneheld politiske framlegg og det økonomiske opplegget for kommunesektoren for neste år.

Proposisjonen og pressemeldingar vert publiserte kl. 10.45 på nettsidene til Kommunal- og moderniseringdepartementet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut