totalbilde av tom, nybygd ballbinge, vinter og snø, Naustdal
totalbilde av tom, nybygd ballbinge, vinter og snø, Naustdal

Ballbinge i Naustdal kommune.

Restmidlar til seks anlegg

Etter tildeling av 47 millionar kroner i spelemidlar tidlegare i år står det pengar att. Difor får no seks nye anlegg støtte på til saman 1,245 millionar.

110 idretts- og friluftslivanlegg i fylket fekk over 47 millionar kroner gjennom spelemiddelordninga i juni i år. Det var ei solid auke  samanlikna med  tidlegare år, og gode søknader og søknadskurs frå fylkeskommunen fekk noko av æra.

Grunna rest-, inndregne og tilbakebetale midlar hadde hovudutval for næring og kultur 1 245 000 fleire kroner å formidle i møtet 22. november.

Hovudutvalet 22. november fordelte midlane slik:

1. Det vert løyvd 594 000 kr. i restmidlar til følgjande anlegg:

Anleggstype

Kommune

Søkjar

Løyving

Sanitær, friluftsliv Eid Harpefossen Skisenter AS 356 000
Friidrett, kast-anlegg Gloppen Hyen IL 238 000

 

2. Det vert løyvd 464 000 kr. i inndregne midlar til følgjande anlegg:  

Anleggstype

Kommune

Søkjar

Løyving

Sanitær, idrett Bremanger Bremanger IL 243 000
Fridirett, kastanlegg Gloppen Hyen IL 126 000
Friidrett, kastanlegg Gloppen Breimsbygda IL 33 000
Ballbinge Selje Flatraket IL 62 000

 

3. Det vert løyvd 187 000 kr. i tilbakebetalte midlar til følgjande anlegg:

Anleggstype

Kommune

Søkjar

Løyving

Friidrett, kastanlegg Gloppen Breimsbygda IL 36 000
6.O- kart Stryn Veten IL 151 000

 

Grunngjeving og drøftingar i saksframlegg til hovudutval for næring og kultur

 

For meir informasjon:

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no  
918 47 736

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00