Heim/Måløy vidaregåande skule/Om oss/Organisasjon/Rektor og leiing

Rektor og leiing i Måløy

Rektor

Aasta_100.jpgÅsta Navelsaker Røed er den øvste leiaren for Måløy vidaregåande skule og har eit overordna ansvar for drifta av skulen. Rektor har personalansvar for dei andre i leiargruppa, dei kontortilsette og ein del lærarar, og har ansvar for enkeltvedtak og tilrettelagt opplæring

 

 

Administrativ leiar

Helen.jpgHelen Hjertaas er administrativ leiar. Ho har ansvar for dei administrative og pedagogiske IKT-systema, kontor- og sørvisfunksjonar, dokumentasjon og all gjennomføring av eksamen. Administrativ leiar har også ansvar for bygningar, uteområde, utstyr/inventar og personalansvar Restaurant og Matfag og alle ikkje-pedagogisk tilsette.

 

 

Utviklingleiar

Alf Reidar 100_150.JPGAlf Reidar Myrstad er utviklingsleiar og har mellom anna ansvaret for utarbeiding og oppfølging av skulen sin utviklingsplan med alle elev- og personalretta strategiar. Han er og leiinga sin kontaktperson til elevrådet, miljøarbeid, kantinedrift og arbeidslivskontakt. Utviklingsleiar har også drift- og personalansvar for teama innan Naturbruk og Helse og Oppvekstfag.

 

Avdelingsleiar STA og YSK

Kari 100_150.JPGKari Silden Sølvberg er avdelingsleiar for studiespesialisering og YSK, og har ansvaret for organisering av undervisning og timeplan. Ho har også ansvaret for oppmelding til eksamen og fritak i fag. Ho har personalansvar for dei fleste allmennfaglærarane på skulen og eit spesielt ansvar for Studiespesialisering og YSK.

 

 

Avdelingsleiar TIP og Bygg

Helge.jpg

Helge Hjertenes er avdelingsleiar for TIP og Byggavdelingane. Han har drift- og personalansvar for teama innan TIP (teknikk og industriell produksjon) samt TIP-delen av YSK  samt Bygg og Anleggsfag.

 

 

 

Avdelingsleiar SIM og Maritime fag

Eivind Kåre Birknes er avdelingsleiar for Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) og for maritime fag. Han har drifts- og personalansvar for dei tilsette på Sikkerheitssenteret, og for programfaglærarane på Maritime fag.