Rekordlåge forventingar i næringslivet

Den nye utgåva av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane, som vert presentert i dag, viser at forventingane i fylket held fram med å falle. Men biletet er ikkje heilt eintydig. Svakare kronekurs gir lysare utsikter for eksport og reiseliv. Les meir og sjå opptak frå Næringsbarometeret.

Her kan du sjå opptak av Næringsbarometeret.

Tala for hausten 2014 syner dei lågaste forventingane til det komande året sidan Næringsbarometeret starta målingane i 2007. Sidan hausten 2013 har den samla indeksen falle med seks poeng. Det er særleg forventingane til investeringar som trekkjer ned.

– Jamt over er det likevel ikkje grunn til å la svartsynet ta overhand. Sjølv om barometeret viser at kultur, reiseliv og oppleving er einaste næring som rapporterer om betre forventningar, vil utviklinga vi har sett i kronekurs, oljepris og nedskjeringar i oljebransjen dei siste månadene kunne vere ei vitamininnsprøyting for andre næringar i fylket, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs.

Uro i oljenæringa

Fallet i oljeinvesteringar, oljeprisen og negativ merksemd i media det siste halvåret har vore med på å senke forventingane til vekst i 2015. Forventingsindeksen blant verksemder som leverer til oljenæringa har falle kraftig det siste året, frå 31 til 13 poeng. Tidlegare har desse verksemdene hatt høgare forventingar til framtidig vekst enn selskap utan petroleumsrelatert omsetnad. I år er situasjonen snudd.

Næringslivet i Sogn og Fjordane står likevel sterkare rusta mot svingingane i oljenæringa enn nabofylket Hordaland, der fleire verksemder er knytte til petroleumsindustrien. Medan ein fjerdedel av næringslivet i Hordaland har delar av omsetnaden frå petroleumsrelatert aktivitet, gjeld det berre 15 prosent i Sogn og Fjordane. Dei petroleumsrelaterte verksemdene i Sogn og Fjordane er også meir optimistiske til året som kjem enn i Hordaland: Den samla indeksen ligg på høvesvis 13 og ni poeng.

Auka eksport

På den positive sida kan lågare oljepris gjere konkurransesituasjonen betre for eksportverksemdene, ved å bidra til ei svakare krone. Tala frå Næringsbarometeret viser at eksporten ligg an til å auke også i 2015. 40 prosent av verksemdene ventar auka eksport, medan ni prosent ventar reduksjon. Det er om lag same resultat som i fjor. Målinga viser også at verdien av ordrebehaldninga er uendra eller større for storparten av verksemdene, samanlikna med inngangen til 2014.

Bygg og anlegg minst optimistisk

Medan forventingane samla sett går ned i Sogn og Fjordane, er det store skilnader mellom næringane. Dei mest konjunkturutsette næringane er dei mest nøkterne. Bygg- og anleggsbransjen har dei lågaste forventingane til 2015, med ein forventingsindeks på eitt poeng. Det er den også næringa med størst nedgang i forventingane. Det er særleg dei negative forventingane til investeringar som dreg ned. Næringa er likevel ikkje like pessimistisk som under finanskrisa, då indeksen var nede i minus 11 poeng.

Også innan industri og transport/engros er verksemdene mindre optimistiske. Her har forventingane falle med høvesvis 8 og 10 poeng. Likevel er det eit robust fleirtal i desse to næringane som trur at 2015 blir eit betre år enn 2014.

Kraftig fall i varehandelen

Forventingane har falle med 11 poeng innan varehandel og privat tenesteyting, og er no lågare enn dei var under finanskrisa. Dette går på tvers av korleis næringa nasjonalt opplever framtidsutsiktene.

Ifølgje SSB har varehandelen i Sogn og Fjordane hatt svært låg vekst dei siste åra samanlikna med resten landet. Saman med uroa grunna fallet i oljeprisen og låge investeringar, kan dette ha påverka næringa sine forventingar til framtida.

Motstraums reiseliv

Ei av dei få næringane som skil seg positivt ut, er kultur, reiseliv og oppleving, der forventingsindeksen aukar med seks poeng frå i fjor, til 23 poeng. Dette er i tråd med forventingane i næringa nasjonalt. NHO sitt økonomibarometer for tredje kvartal viste sterk framtidstru i den norske reiselivsnæringa. Lågare kronekurs er truleg noko av årsaka, og sterk vekst i sommarsesongen i fjor kan òg ha medverka til at næringa ser lyst på 2015.

Om Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane

Næringsbarometeret byggjer på ei bedriftsundersøking, gjennomført av ideas2evidence for Næringsbarometeret i oktober 2014. I tillegg er analysane baserte på statistikk og intervju.

Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, NAV, NHO, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. ideas2evidence står for utarbeiding av publikasjonen i samarbeid med partnarane. Målet med Næringsbarometeret er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar i Sogn og Fjordane. Samstundes ønskjer vi å stimulere til debatt kring sentrale problemstillingar for fylket.

Næringsbarometeret sin forventingsindeks består av fire delindeksar: Omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. Indeksane = prosentdel av verksemdene som ventar auke minus prosentdel som ventar nedgang. Samla indeks = gjennomsnitt av dei fire delindeksane.

Næringsbarometeret på nett: www.naringsbarometeret.no

Vil du vite meir om næringsbarometeret? Her finn du meir informasjon.

Kontaktpersonar:

Frode Henden, presseansvarleg NAV Sogn og Fjordane, tlf: 918 35 704
Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge, tlf. 957 81 493
Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, Sogn og Fjordane fylkeskommune, tlf. 905 66 623
Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane, tlf. 905 76 419
Arvid Andenæs, administrerande direktør, Sparebanken Sogn og Fjordane, tlf. 481 67 70

Del dette:

Relaterte lenker