Foto av dagsturhytta i Trivselsskogen på Sandane. Det ligg eit snølag på og rundt hytta, og vi har utsikt ned mot Sandane.
Foto av dagsturhytta i Trivselsskogen på Sandane. Det ligg eit snølag på og rundt hytta, og vi har utsikt ned mot Sandane.

21 av 26 kommunar søkjer i 2018 om støtte til etablering av slike dagsturhytter i fylket. Hytta på Sandane opna i desember 2017, som den første i fylket. (Foto: Knut Roger Nesdal)

Rekordhøg søknadssum om spelemidlar – igjen

Kommunar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane har dei siste åra for alvor fått opp augo for spelemiddelordninga. I år søkjer vi om 242 millionar kroner, dobbelt så mykje som for fire år sidan.

Tal søknadar held seg nokon lunde stabilt frå i fjor. Det var kome inn 322 søknadar då fristen for å søkje gjekk ut 15. januar. Men summen vi søkjer om har auka frå 218 millionar kroner i fjor til om lag 242 kroner i år.

Har dobla søknadssummen på fire år

– Sogn og Fjordane har sterk tradisjon for å nytte spelemiddelordninga som finansieringskjelde for å etablere anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Dei siste fire åra har søknadssummen dobla seg. Det er svært gledeleg og kjem ikkje minst folkehelsa til innbyggjarane våre til gode, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, Atle Skrede.

Han trur det tette og gode samarbeidet mellom fylkeskommunen, kommunane, lag og organisasjonar er noko av svaret på kvifor vi har denne auken. Kulturdepartementet, som tildeler midlane, har også laga eit søknadssystem som er enklare å forstå.

– Kommunane har fått betre kompetanse på dette feltet, det er viktig. I tillegg er også lag og organisasjonar meir merksame på tilskotsordningar og meir på hogget for å sikre seg pengar både til nye anlegg og til å halde ved like eksisterande, seier han.

Målretta innsats

Skrede gler seg også over at mange ser ut til å ha lagt visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle – til grunn for planlegging og søknad. Fylkeskommunen har dei siste åra målretta innsatsen for å få meir spelemidlar til fylket, mellom anna ved å arrangere gratis kurs i søknadsskriving.

Fylkeskommunen har også delteke med skulesatsinga «Teikn ditt skuleområde» på opne folkemøte om revisjon av kommunale planar i ei rekke kommunar. Der blir alle inviterte med til å utvikle skuleområdet ved sin eigen skule, noko som igjen aukar bevisstheita hjå folk.

– Både skuleområde, nærmiljøanlegg, klubbhus og dagsturhytter er viktige sosiale møteplassar i samfunnet, og det er gledeleg å sjå at vi får fleire slike i Sogn og Fjordane, seier Skrede.

Søkjer om mest i landet per innbyggjar

Det er stor variasjon i kor mange søknadar som kjem inn frå kvar kommune, og kva anlegg det blir søkt om støtte til. Til dømes kom det i år inn to søknadar frå Hornindal, mot 35 frå Førde. I tabellen under kan du sjå kor mykje kvar kommune har søkt om.

Førebelse tal frå anleggsregisteret før behandling av søknadene, viser at Sogn og Fjordane har søkt om vel 2200 kr per innbyggar. Dette er mest i landet. Til samanlikning har Hordaland søkt om ca. 1000 kr per innbyggjar og Akershus om 850 kroner.

Lågterskelfriluftsliv i vinden

Generelt er det mange, både kommunar, lag og organisasjonar, som søkjer om støtte til rehabilitering av eksisterande anlegg, i tillegg til nybygg av til dømes klubbhus og ulike nærmiljøanlegg. Det har dei siste åra vore auka tilrettelegging for friluftsliv med anlegg som turvegar, turstiar og dagsturhyttene.

– Tilrettelegging for slik aktivitet er særleg gledeleg. Det er lågterskelfriluftsliv, stiar nær der folk bur, som gjer det lettare for folk å vere fysisk aktive. Slikt vil vi ha meir av, slik får vi meir fysisk aktivitet for alle, slår Skrede fast.

Så mykje spelemidlar har kommunane i Sogn og Fjordane søkt om

Kommune

Førebelse søknadssummar pr. 15.01.2018

Gloppen

33 160 000

Luster

23 404 000

Eid

22 891 000

Flora

22 416 000

Sogndal

21 539 000

Aurland

21 150 000

Hyllestad

15 679 000

Førde

12 936 000

Vågsøy

9 954 000

Naustdal

7 375 000

Stryn

6 632 000

Gaular

5 286 000

Bremanger

4 327 000

Askvoll

4 157 000

Jølster

3 993 000

Årdal

3 654 000

Solund

3 539 000

Balestrand

3 150 000

Fjaler

2 905 000

Gulen

2 654 000

Vik

2 259 000

Høyanger

1 981 000

Leikanger

1 967 000

Lærdal

1 459 000

Hornindal

1 300 000

Selje

1 245 000

Totalt

242 000 0000

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar, fysisk aktivitet
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00