Reglement for fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Vedteke av fylkestinget i sak nr 36/07 og revidert i sak 18/15.

§ 1 Heimel

Lov av 17.6.05 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne.

§ 2 Føremål

2.1.

Rådet skal arbeide for at menneske med nedsett funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne.

2.2

Rådet er eit rådgivande organ for fylkeskommunale og fylkesstatlege instansar og kommunane i saker som vedkjem funksjonshemma. Rådet skal medverke til at sentrale politiske målsetjingar vert følgde opp.

2.3

Overordna målsetjing er å:

  • fremje likestilling på alle samfunnsområde og hindre diskriminering
  • leggje til rette for aktiv deltaking i samfunnslivet
  • ivareta og vidareutvikle funksjonshemma sine rettar
  • fremje desentraliserte, integrerte og koordinerte tenester
  • fremje universell utforming på alle område

§ 3 Samansetnad

3.1

Rådet skal ha fem medlemer med personlege varamedlemer og vere samansett slik:

  • To fylkestingsrepresentantar
  • Tre representantar for fylkesomfattande organisasjonar for funksjonshemma

Reglane om kjønnsbalanse i kommunelova § 36, nr. 2, inneber at kvart kjønn skal vere representert med minst to medlemer.

3.2

Politiske styringsorgan og forvaltningsorgan som ikkje er  representerte i rådet, kan kallast inn etter behov.

§ 4 Val

4.1

Rådet vert vald av fylkesutvalet. Fylkesutvalet vel leiar og nestleiar. Desse skal vere medlemer i fylkestinget.

Representantane for organisasjonar for funksjonshemma vert valde etter forslag frå desse.

4.2

Rådet si funksjonstid følgjer fylkestingperioden.

§  5 Arbeidsoppgåver

5.1 Rådet skal:

  • Medverke til at samfunnsskapte barrierar vert fjerna, at direkte og indirekte diskriminering blir motarbeidd innafor heile det fylkeskommunale saksområdet, og at menneske med nedsett funksjonsevne får tilgang til dei tenestene og den informasjonen som er nødvendig for at dei skal fungere best muleg.
  • Vere særskilt merksam på – og om naudsynt ta initiativ til å betre - samarbeidet og     samordninga mellom fylkeskommunale etatar og organ, mellom fylkeskommunen og statlege organ og mellom fylkeskommunen og kommunane
  • Handsame saker som er særleg viktige for personar med nedsett funksjonsevne.
  • Arbeide med ålmenne tiltak og tenester som også vedkjem funksjonshemma innan m.a. samferdsle, skule, kultur og friluftsliv.
  • Ha høve til å gi fråsegn til fylkeskommunen sin økonomiplan og årsbudsjett, fylkesplanen og andre sentrale planar.
  • Uttale seg om saker som fylkeskommunale organ legg fram for det.
  • Arbeide med universell utforming på alle område.

5.2 Rådet bør:

  • Ta initiativ til og sjølv drive informasjonsarbeid innan fylkeskommunen, overfor ålmenta, kommunar, fylkesstatlege organ, organisasjonar m.m.
  • På eige initiativ ta opp og utgreie saker når ein finn dette naudsynt.
  • I saker av prinsipiell interesse; få uttale seg i ein førebuande fase av sakshandsaminga.

§ 6 Sekretariat

Fylkesrådmannen syter for sekretariat for rådet.

§ 7 Økonomi 

Rådet disponerer eit eige budsjett til reise- og andre driftsutgifter.

Medlemene skal ha godtgjering for arbeidet i rådet i samsvar med Regulativet for folkevalde. Møtegodtgjersle vert utbetalt etter gruppe 2.

§ 8 Møte

Rådet held møte når leiaren eller minst tre av medlemene krev det. Rådet skal kallast inn med minst seks dagars varsel. Saksdokumenta skal sendast ut med møteinnkallinga.

Rådet kan gjere vedtak når minst halvparten av medlemene er tilstades. Står røystene likt, har leiaren dobbeltrøyst.

§ 9 Møtebok

Det skal førast møtebok frå møtet i rådet. I denne skal det framgå:

  • kven som deltok i møtet
  • kva saker som vart handsama
  • rådet sine vedtak

Dersom det er delte oppfatningar ved avrøysting i rådet, skal dette framgå av møteboka. Kvart medlem av rådet har rett til å føre merknader til møteboka.

Utskrift av møteboka skal sendast medlemene, varamedlemene, berørte partar og dei fylkesomfattande brukarorganisasjonane.

§ 10 Årsmelding

Rådet utarbeider kvart år ei årsmelding om aktiviteten sin.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568