Lærlingsamling, 2011. Artist Askil Holm syng for lærlingane på Luster vidaregåande skule.
Lærlingsamling, 2011. Artist Askil Holm syng for lærlingane på Luster vidaregåande skule.

Lærlingsamling, 2011. Artist Askil Holm syng for lærlingane på Luster vidaregåande skule.

Regionvise lærlingsamlingar

Fylkeskommunen sine lærlingsamlingar skal vere på Eid, Kaupanger og i Førde 10., 11. og 12. februar.

Alle som teikna lærekontrakt i 2014 er inviterte, og saman med nokre representantar frå lærebedriftene vil til saman over 200 lærlingar og lærekandidatar møte desse dagane.

På samlingane vil lærlingane få innføring i ulike aktuelle tema. Fylkeskommunen vil kort gå gjennom rettar og plikter ut frå opplæringslova og representantar frå arbeidsgjevarsida vil sei noko om krav og forventningar til lærlingane, men samtidig opplyse kva lærebedrifta kan tilby i retur.

Arbeidstakarsida ved LO, tek utgangspunkt i å vere arbeidstakar, og vil i tillegg fokusere på svart arbeid. Lærlingombodet vil orientere om sine tenester og Statens vegvesen vil ha ei økt om trafikktrygging, både som ung sjåfør og som fersk sjåfør i firmabil.

Dagen får eit hyggeleg avbrekk då Den kulturelle skulesekken stiller med musikar Askil Holm. Han er mest kjend for «Halleluja-suksessen» saman med Kurt Nilsen, Espen Lind og Alejandro Fuentes.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00