Statens vegvesen region vest regionkontor Leikanger, fylkeshuset og Sognefjorden i bakgrunnen
Statens vegvesen region vest regionkontor Leikanger, fylkeshuset og Sognefjorden i bakgrunnen

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Regionvegsjefen orienterer fylkesutvalet

Onsdag 29. mai vil regionvegsjef Helge Eidsnes snakke med fylkesutvalet i Sogn og Fjordane om framlegget til framtidig organisering av Statens Vegvesen.

Det var mandag 20. mai at vegdirektøren leverte sitt forslag til framtidig lokalisering av Statens vegvesen til Samferdsledepartementet.

No vil Vegvesenet informere fylkespolitikarane nærare om kva framlegget til omorganiseringa inneber.

- Det er viktig å ha ein open og konstruktiv dialog om Statens vegvesen si framtid i fylket, og vi ser fram til å høyre nærare om omorganiseringsprosessane frå regionvegsjefen, seier fylkesordførar Jenny Følling. 

Helge Eidsnes vil orientere om og diskutere saka, som mellom anna kjem med framlegg til lokalisering av divisjonar og regionale senter i vegvesenet.

stad: Fylkeshuset, Leikanger
tid:    onsdag 29. mai kl. 13


 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut