Kart over det geografiske området for Vestland fylkeskommune
Kart over det geografiske området for Vestland fylkeskommune

Regional planstrategi for Vestland fylkeskommune

Det førebuande arbeid med regional planstrategi for Vestland fylkeskommune er i gang. Her kan du følgje arbeidet og lese grunnlagsdokumenta som blir produserte.

Desse rapportane er så langt jobba fram i samanslåingsprosessen og vil fungere som grunnlagsdokument for den regionale planstrategien:

Strategisk utviklingsplan for Vestland fylkeskommune

Fellesnemnda har ansvaret for eit førebuande arbeid med regional planstrategi for Vestland fylkeskommune (2020–2024). Arbeidet skal sikre at det nye fylkestinget har eit best mogleg grunnlag for arbeidet med ny planstrategi. I tillegg skal arbeidet legge grunnlaget for ein god samanslåingsprosess gjennom eit felles kunnskapsgrunnlag for utviklingstrekk og utfordringar for den nye fylkeskommunen, samt utvikling av eit visjon, mål- og strategidokument.

Sjå sak 28/18 i Fylkestinget for meir informasjon

Regional planstrategi

Grunna fylkessamanslåinga må vi revidere framdrifta av planarbeid i gjeldande planstrategi. Det har i mindre grad noko føre seg å starte opp eigne planarbeid no, i tillegg krev det førebuande arbeidet med felles planstrategi for dei to fylka ressursar.  

I gjeldande planstrategi har dette konsekvensar for  

  • Regional plan for arealbruk. Eventuelt oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert. Arbeidet med revisjon av Regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter vert starta opp hausten 2018.
  • Regional plan for folkehelse. Eventuell oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert.

Sjå sak 29/18 i Fylkestinget for meir informasjon

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Synnøve Stalheim
Plansjef 
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette