Regional plan for klimaomstilling – offentleg ettersyn av planprogram

Vi må saman definere kva som skal til for å få til ei klimaomstilling i fylket.

Fylkesutvalet vedtok 2. november å legge ut planprogrammet på høyring for å få innspel på kva mål og kva kunnskapsgrunnlag vi treng for å utforme ein ny klimaplan. Alle har høve til å uttale seg i høyringa, privatpersonar, kommunar, lag og organisasjonar m.m.

Ei revidering av gjeldande fylkesdelplan for klima og miljø er ein av planane som står som prioritert planarbeid for fylkeskommunen i perioden 2016–2020 i den nye regionale planstrategien vedtatt 15. juni.

Utforming av eit planprogram er fyrste formelle grep i arbeidet med å utarbeide ein revidert plan. Målet er å fullføre arbeidet innan utgangen av 2017.

Klimautfordringane er dei største utfordringane kloden har stått overfor, og det krev auka innsats frå fylket for å nå måla sett i Paris-avtalen. Ein ny regional plan tek for seg desse utfordringane, med utgangspunkt i internasjonale og nasjonale avtalar og føringar.

Planarbeidet følgjer plan- og bygningslova, og blir til etter § 8-3. Utarbeiding av regional plan lagt ut på høyring.

Kontaktpersonar for arbeidet er plansjef synnove.stalheim@sfj.no og rådgjevar ida-beate.molmesdal@sfj.no.

Fristen for å sende inn høyringsinnspel er 2. januar 2017.

Dokument

Send inn høyringsfråsegn

Send inn høyringsfråsegn merka "Regional plan for klimaomstilling (16/3972)anten på e-post til post@sfj.no, med posten til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger eller i skjemaet her:

Send inn høyringsfråsegn




Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven