Reduserte tilskot til rentekompensasjon

Sogn og Fjordane får 244 millionar kroner mindre i låneramme innafor rentekompensasjonsordninga dei neste fire åra enn det som er føresett i framlegget til Handlingsprogram for fylkesvegnettet i tida 2010 – 2019.

Handlingsprogrammet legg opp til at fylkeskommunen vil få ei låneramme på 200 millionar kroner årleg (2009-kroner) innafor den varsla rentekompensasjonsordninga i samband med dei store utbyggingsprosjekta på det nye fylkesvegnettet.

I Statsbudsjettet, som vart lagt fram i dag, vert fylket berre tilgodesett med 139 millionar kroner årleg i låneramme. Eit gap på 61 millionar årleg samanlikna med kva fylkeskommunen hadde føresett. Dette betyr i praksis at fylkeskommunen må svare for renteutgiftene for eit lån på 244 mill kr som ein ikkje får dekka gjennom rentekomensasjonsordninga, om ein skal følgje opp intensjonane i handlingsprogrammet. Dette utgjer samla om lag 14 mill kr årleg auke i renteutgiftene når heile ordninga er gjennomført.

Del dette:

Relaterte lenker