Illustrasjon som syner resultatet av skulevalet i Sogn og Fjordane i 2017. Den raude grafen, som syner Arbeidarpartiet, er størst med 26,6 prosent. Deretter følgjer den grøne grafen til Senterpartiet med 20 prosent og den blå grafen til Høgre med 10,4 prosent.

Illustrasjon: nsd.uib.no

Raudgrønt fleirtal i skulevalet

Arbeidarpartiet vart vinnaren av skulevalet i Sogn og Fjordane og stakk av med 26,6 prosent av stemmene. På dei neste plassane finn vi Senterpartiet og Høgre med høvesvis 20 og 10,4 prosent.

Saman med SV, som fekk 8,1 prosent av stemmene, fekk det raudgrøne alternativet fleirtal i skulevalet i Sogn og Fjordane i år.

Dagens regjeringsparti, Høgre og Framstegspartiet, får til saman 18,4 prosent av stemmene, medan støttepartia KrF og Venstre får 4,7 (KrF) og 6,9 (V) prosent.

Miljøpartiet Dei Grøne får 9 prosent og Raudt 2,8 prosent av stemmene.

Ni skular i Sogn og Fjordane er med i oppteljinga, og til saman deltok 83,5 prosent av elevane i fylket i skulevalet.

Her kan du sjå korleis stemmene fordeler seg på dei ulike skulane.

Skulevalet blir arrangert av Norsk senter for forskningsdata.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568