Protest mot Sellafield-anlegget

Leiar av Vestlandsrådet, Tom Tvedt, krev at miljøvernminister Erik Solheim no startar drøftingar med styresmaktene i Storbritannia for å få redusert faren for atomutslepp frå Sellafield-anlegget.

Tvedt etterlyser meir engasjement frå regjeringa i kampen mot atomutslepp frå Sellafield-anlegget i Storbritannia.

– Vi veit at Statens strålevern har estimert miljøkonsekvensane i Noreg i samband med ei hypotetisk ulukke ved Sellafield-anlegget. Målingane viser at dei estimerte konsekvensane er store, og at Vestlandet er særleg utsett. Det gjev grunn til uro, seier Tom Tvedt.

Utgangspunktet for studien til Statens strålevern er eit scenario der ein eksplosjon og brann ved B215-enheten fører til at ein prosent av det radioaktive avfallet i HAL-tankene vert sleppt ut og transportert med luftstraumane.

– Vestlandsrådet har fleire gonger tidlegare protestert mot utsleppa og problemstillingen er også tatt opp med Nordsjøkommisjonen, som har adressert desse problema direkte til den britiske miljøvernministeren, seier Tvedt.

Vestlandsrådet, med Tom Tvedt i spissen, krev no at Noreg og miljøvernministeren startar drøftingar med styresmaktene i Storbritannia for å få redusert faren for store miljøkonsekvensar på Vestlandet og i Noreg.

For meir informasjon

Tom Tvedt
Leiar av Vestlandsrådet
Mobil: 971 99 233

Del dette:

Relaterte lenker