Logoen til Regionalt forskingsfond Vestlandet på kvit bakgrunn.
Logoen til Regionalt forskingsfond Vestlandet på kvit bakgrunn.

Prosjektverkstad og møte

Har du planar om å søkje tilskot frå Regionalt forskingsfond Vestlandet i haust? Eller har du innspel til korleis fondet kan rette seg betre mot Sogn og Fjordane? Då er Sogndal staden å vere 17. september.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Regionalt forskingsfond Vestlandet inviterer til prosjektverkstad og innspelsmøte. Begge hendingane finn stad i Flostova på Fosshaugane Campus i Sogndal 17. september.

Prosjektverkstad kl. 10.00–12.30

Verkstaden er retta mot dei som vil søkje Regionalt forskingsfond om støtte til hovudprosjekt hausten 2015. Det er i haust lyst ut 18 millionar kroner til innovasjonsretta forsking i næringslivet og i offentlege (kommunale) ansvarsområde. Søknadsfristen er 14. oktober, og utlysinga ligg på nettstaden til Regionalt forskingsfond.

Målet med prosjektverkstaden er at deltakarane skal

  • bli kjende med utlysinga og søknadstypane
  • vere i stand til å skrive ein god søknad
  • få støtte til eit FoU-hovudprosjekt frå Regionalt forskingsfond Vestlandet

Påmelding og meir informasjon om prosjektverkstaden.

Innspelsmøte kl. 13.00–15.00

Fylkeskommunane på Vestlandet sender bestilling til styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet om kva dei ønskjer seg når fondet lyser ut midlar. No oppmodar Sogn og Fjordane fylkeskommune alle interesserte til å kome med gode og relevante innspel, for å få til ei utlysing som rettar seg mot viktige målsetjingar her i fylket. Spørsmålet er korleis fondet bør prioritere den neste fireårsperioden – sett frå Sogn og Fjordane si side.

Innspelsmøtet er ope for alle, og døme på målgrupper er

  • tilsette i offentleg sektor
  • tilsette i privat sektor (næringsliv og organisasjonar)
  • tilsette i akademisk sektor (skular og forskingsmiljø)
  • politikarar
  • tidlegare og framtidige søkarar

Påmelding og meir informasjon om innspelsmøtet.

For meir informasjon

Arne Monrad Johnsen
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00