Prosjektleiar Mona Bakke Svarstad

Prosjektleiar Mona Bakke Svarstad Foto: Bjarne Husevåg

Prosjektleiar for akvakulturutdanning

Mona Bakke Svarstad er tilsett som prosjektleiar for akvakulturutdanning. Satsinga er eit ledd i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane, og skulen har høge ambisjonar om å ta opplæringstilbodet til nye høgder.

Mona vil ha allsidige arbeidsoppgåver, men hovudtyngda av arbeidet hennar vil omfatte kartlegging, planlegging og gjennomføre tiltak som kan bidra til å vidareutvikle eit attraktivt opplæringstilbod for akvakultur. Dette inkluderer utdanningane  VG1 Naturbruk og VG2 Akvakultur. Ho vil dessutan jobbe med å ta i vare og vidareutvikle det nære samarbeidet skulen  har med næringslivet i heile Sogn og Fjordane. Oppdrettsnæringa er ein bransje med stort vekstpotensiale, og der er rask utvikling. Skulen ønskjer å gi opplæringstilbod som er i samsvar næringa sine behov. Samtidig er det viktig å styrke samarbeidet mot marine FoU-miljø. I denne samanheng vil skulen sit nære samarbeid med Måløy Marine Ressurssenter stå sentralt. I tillegg skal Mona arbeide med marknadsføring og arbeidet med å revidere lokale læreplanar og kome med innspel til dei nye sentrale læreplanane i fagfornyinga.

Prosjektet er underlagt programgruppa for rekruttering og kompetanse. Der deltek Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved Lena Søderholm og Frode Hovland, opplæringsavdelinga i fylkeskommunen ved Ingeborg Fredheim,  Osland Havbruk AS ved Geir Helge Østerbø, Mowi AS ved Asgeir Hasund, Sogn og Fjordane Fiskarlag ved Geir Magne Røys, Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruk ved Bjørn Kvalheim, samt Måløy Vidaregåande Skule ved Åsta Navelsaker Røed.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har tidlegare fått eit undervisningsløyve for produksjon av laks, og det er inngått 10-års leigeavtale med MOWI AS om drift av løyve. Delar av overskotet skal brukast til å vidareutvikle opplæringstilbodet ved Måløy Vidaregåande Skule.

Våre nye prosjektleiar kjem frå ei stilling som seniorrådgivar  i Fiskedirektoratet region vest i Måløy. Der har ho jobba mykje med tilsyn av oppdrettsnæringa. I tillegg har ho erfaring frå oppdrettsanlegg, bransjeorganisasjon, prosjektarbeid, samt salg og eksport.

Mona er utdanna Fiskerikandidat frå Norges Fiskerihøgskole i Tromsø. Ho har også teke vidareutdanning innan prosjektleiing, coaching og relasjonsleiing, risikoanalyse, og er  akkreditert revisjonsleiar for kvalitet.

Kontorstaden er på maritim avdeling ved Måløy Vidaregåande Skule.

Har du innspel til arbeidet, så ta gjerne kontakt med henne.

Vi ønskjer Mona velkommen til skulen.

Tips ein ven Skriv ut