Bilete av ei av dagsturhyttene.
Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Stig Roger Eide

Program for folkehelsearbeid i kommunane 2019–2029

Prosjektet «Barn og unges psykiske helse og livskvalitet (0–24 år)» er ein del av det nasjonale programmet for folkehelsearbeid i kommunane. Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan søke på tilskotsmidlane.

Frist for innsending av prosjektskisse er 13. september 2019, og frist for prosjektplan 15. november 2019.

Fylkeskommunen arrangerer ein læringsverkstad der kommunane kan utvikle prosjektideen sin 28. august 2019. Sjå meir informasjon om læringsverkstaden og meld deg på her.

Om tilskotsordninga

I Sogn og Fjordane er det tenkt to søknadsopptak i tilskotsordninga. Den første er i 2019. Det vert to søkarperiodar med føresetnad om at tilskotsordninga vert vidareført gjennom årlege budsjettvedtak over statsbudsjettet.

Målet med tilskotsordninga er å styrke kommunane sitt arbeid med å fremje innbyggarane si helse og livskvalitet, og bidra til

  • utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verktøy for å fremje barn og unges livskvalitet og psykiske helse og bidra til rusførebyggjande arbeid i kommunane.
  • å integrere barn og unges psykiske helse som ein likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet.
  • fremje samarbeid mellom kommunar, FoU-miljø, frivilligheit og ulike samarbeidsaktørar i kommunane.

Sjå søknaden frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Helsedirektoratet (lenke til søknad).

Søknad_program for folkehelsearbeid i kommunane.pdf

Fordi dette 10-årige programarbeidet vart starta før samanslåinga til Vestland, vil Sogn og Fjordane og Hordaland vurdere fordeling av midlar til kommunane som før samanslåinga. Dette er sett som eit overordna vilkår av Helsedirektoratet. Det er likevel naturleg at kommunar som no ligg nær fylkesgrensa, kan ha prosjekt på tvers av henne.

Kven kan søke

Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan søke. Ingen andre aktørar har høve til å søke. Frivillige lag og organisasjonar kan få midlar til samarbeid om utvikling av lokale tiltak, med føresetnad om at søkarkommunen står som tiltakseigar.

Krav til søknaden

Det er utvikla søknadsskjema for opptak i tilskotsordninga. Søknadsprosessen er delt i to:

  1. Prosjektskisse (pdf)
  2. Prosjektplan (pdf)

Vi ber om at alle søkjarar nyttar desse skjemaa. Søknadsskjemaa dekker vilkåra som er sett i søknaden til Sogn og Fjordane om opptak i Program for folkehelse.

Søknaden må innehalde følgande:

  • Utfylt prosjektskisse
  • Førebels budsjett og søknadssum
  • Kort skisse til framdriftsplan
  • Stadfesting på politisk forankring (kan ettersendast)

Merk søknaden med Program for folkehelsearbeid 2019 og send til postmottak@sfj.no. Send kopi til anne-lene.norman@sfj.no.

Søknadssum og frist

Det er ikkje sett fast søknadssum årleg per kommune/tiltak. Det er tenkt at tildelingssum vil variere knytt til prosjektstorleik, samarbeidspartar og type tiltak som skal prøvast ut. Vi ber om at kommunen skisserer eit førebels budsjett ved innsending av søknaden.

Søknadsfrist for å søke opptak i første runde, det vil seie Prosjektskisse, er 13. september 2019.

For kommunar som vert tekne inn i programmet, er det sett ny frist for å sende inn endeleg prosjektplan til Sogn og Fjordane fylkeskommune med tiltak, framdriftsplan og budsjett. Fristen er 15. november 2019.

Handsaming av søknaden

Søknadane vil bli handsama samla etter søknadsfristen. Det er planlagt møte i Samarbeidsorganet for folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane 19. september. Råda frå samarbeidsorganet skal vere grunnlaget for val av kommunar og tiltak. Prioriteringane vil basere seg på ei samla heilskapleg vurdering. Alle får skriftleg svar når søknaden er handsama. Innan 30. desember 2019 skal samarbeidsavtalar mellom dei kommunane som vert tekne inn i ordninga og fylkeskommunen sendast til Helsedirektoratet.

Klage/innsyn i dokumenta

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen dei tok i mot melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Informasjon om krav til  innhald i klageskrivet vil følgje som vedlegg i vedtaksbrevet.

Kva skal midlane nyttast til?

Kommunar kan søke midlar til økonomisk og fagleg støtte til kunnskapsbasert tiltaksutvikling. Tiltaka skal bidra med noko nytt, og kan vere noko kommunen ser behov for å endre eller styrke. Dei kan utvikle noko eige eller prøve ut noko som er utvikla ein annan stad. Tiltaka skal ikkje tidlegare ha vore forskingsmessig evaluert i eigen kommune. All tiltaksutvikling skal evaluerast.

Det er eit krav at tiltaka er befolkningsretta og tek utgangspunkt i lokale behov i kommunane.

Dersom fleire kommunar søker seg inn i programmet med liknande prosjektskildringar, kan Sogn og Fjordane fylkeskommune ta initiativ til utvikling av prosjektsamarbeid.

Det kan ikkje gjevast tilskot til:

  • Finansiering av eksisterande tilbod eller stillingar for målgruppa, barn og unge, i kommunane
  • Behandlingstiltak og individuelle tiltak

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Normann
​spesialrådgjevar
Anne-Lene.Normann@sfj.no
415 30 378

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette