Gamle Ytredal Bru, Foto: Sven Ove Fossen
Gamle Ytredal Bru, Foto: Sven Ove Fossen

Gamle Ytredal Bru, Foto: Sven Ove Fossen

Prioriterar vasskvalitet

Det generelle målet i vassforskrifta er at alle vassførekomstane skal ha minimum god tilstand innan 2021 både økologisk og kjemisk. Der det trengst er det føreslått tiltak for å forbetre kvaliteten på vatnet.

«Vassforvaltningsplanane er det største felles løftet som er gjort for vatnet vårt, og resultatet blir betre vassmiljø», seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Det er ulike områder som blir påverka av den ny planen. Mellom anna landbruk, samferdsel, vasskraft, akvakultur og avløp. I tillegg ser ein på omfanget av framande organismar i vassdraga og forureining frå industri. Vassforskrifta er ei vidareføring av forvaltningsplanen som blei lagt fram av Sogn og Fjordane fylkeskommune i desember 2015, foreskrifta utvida tidsfristar i samband med måloppnåing for kraftselskapa og aktørane innan samferdsle. Men utover det er dokumenta samstemte.

Landbruket skal ha problemkartlegging

I landbruket har tap av næringsstoff frå jordbruksproduksjonen vore ei problemstilling. Dette kan i enkelte områder også føre til forureining av vassdrag. I Sogn og Fjordane syner oversikta at påverknader på vasskvaliteten frå landbruket er relativt lite totalt.

Databasen Vass-nett syner at 100 vassførekomstar er registrert med «hovudpåverking» frå landbruk.  For mange av desse vil det likevel vere så stor grad av uvisse rundt tilstand, at problemkartlegging vil vere det viktigaste tiltaket.

Større vassføring i enkelte kraftelvar

For å forbetre vasskvaliteten kan enkelte kraftselskap bli pålagt å auke vassmengda i enkelte elvar. Desse elvane har i dag ein dårlegare økologisk tilstand enn det som er målsetjinga. Laks og sjøaure skal dermed få betre tilhøve i åra som kjem.

Endringar for samferdselselområdet

For samferdsle er dei vanligaste problemstillingane forureining av vassførekomstar, fysiske inngrep og vandringshinder for fisk og andre organismar. Relevante tiltak her gjeld særskild bruk av kjemikaliar og salt under drift og vedlikehald av infrastruktur, og utbetring av vandringshinder.  Her vil det i første omgang vere aktuelt med problemkartlegging.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00