Foto frå presentasjonen av fylkessoga for fylkestinget. Ein av forfattarane Hege Roll-Hansen står på talarstolen, medan dei andre forfattarane står langs veggen.
Foto frå presentasjonen av fylkessoga for fylkestinget. Ein av forfattarane Hege Roll-Hansen står på talarstolen, medan dei andre forfattarane står langs veggen.

1. Alle forfattarane presenterte smakebitar frå alle dei fire banda i «Soga om Sogn og Fjordane» under presentasjonen for fylkestinget. Her er Hege Roll-Hansen, som har skrive band 4, på talarstolen. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Presenterte fylkessoga for fylkestinget

Redaktør Ola Svein Stugu og alle forfattarane av «Soga om Sogn og Fjordane» heldt historietime for fylkestinget då dei presenterte fylkessoga og overrekte ho til fylkestinget.

– Dette var spennande å høyre på. Det ligg mykje kunnskap i historia vår om korleis vi kan utvikle oss i framtida. Eg håpar folk i fylket kjøper og leser bøkene, og eg håpar dette blir årets julegåve i fylket, sa fylkesordførar etter historietimen i Florø 17. oktober.

Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet overrekte bokverket i fire band til fylkesordføraren etter presentasjonen.

Endeleg

Redaktør Ola Svein Stugu opna historietimen med eitt ord: Endeleg!

Alt i 2009 løyvde fylkesutvalet pengar til eit forprosjekt om ei fylkessoge. I desember 2010 vedtok fylkestinget at soga skulle skrivast og løyvde åtte millionar kroner til arbeidet. Våren 2011 signerte fylkeskommunen og Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) avtalen om at høgskulen skulle skrive fylkessoga. Då var arbeidet for alvor i gang.

Seks og eit halvt år seinare er soga lansert. Endeleg.

Topografien eit sentralt tema

Redaktør Stugu opna lanseringsballet med eit overordna innblikk i fylkessoga og arbeidet med denne. Deretter fekk alle dei fem forfattarane ordet og gav nærare innblikk i dei fire banda. Stugu tok opp fleire av temaa historikarane har vore borti i arbeidet med soga. Eitt av dei er topografien i fylket – korleis utviklinga har gått frå å tilpasse seg fjell og fjordar i tidlegare tider, til å prøve å overvinne topografien i meir moderne tid.

– Det er ikkje tilfeldig at Sogn og Fjordane har fostra mange dynamiske samferdslepolitikarar, slo Stugu fast.

Svarer på kva fylket er

Han takka vidare på vegne av seg sjølv og alle forfattarane for moglegheita for å fordjupe seg i Sogn og Fjordane, og kva fylket eigentleg er. Han håpar «Soga om Sogn og Fjordane» blir eit nyttig bokverk når det i framtida dukkar opp spørsmål om fylket.

– Når nokon i framtida spør kva var eigentleg Sogn og Fjordane, så kan ein finne svar her. Eg trur også historieverket kan bidra til ein samlande Sogn og Fjordane-identitet, sa Stugu.

Redaktøren tek no med seg forfattarane på ein mini-turné for å lansere soga. Det vert lansering i Førde tysdag 17. oktober og på Sandane og Kaupanger onsdag 18. oktober.

Meir informasjon om lanseringane.

Breitt samarbeid

Høgskulen på Vestlandet (tidl. Sogn og Fjordane) har samarbeidd med Høgskulen i Volda om arbeidet, redaktørar har vore Ola Svein Stugu som har tilhald ved NTNU og Hans Jacob Orning ved Universitetet i Oslo. Bokverket i fire band kjem ut på Fagbokforlaget.

Historikarane som har skrive dei fire banda, er Harald E. Tafjord, Harald J. Krøvel, Jan Anders Timberlid, Oddmund L. Hoel og Hege Roll-Hansen.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Oddmund Løkensgard Hoel
forfattar og prosjektkoordinator
oddmund.hoel@hvl.no
970 21 194

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00