Presenterer 366 år med språkutvikling i Sogn og Fjordane

Nynorsk kultursentrum har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune dokumentert språkutviklinga i Sogn og Fjordane frå 1646 til i dag. «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» vert presentert i Førde 8. mai.

Dokumentet gjev eit svært interessant bilete av den faktiske stoda til nynorsken i fylket. Dette er første gong så mykje systematisk og faktabasert kunnskap om språksituasjonen i fylket – og på Vestlandet – er samla i eitt dokument.

Språkpolitisk satsing

– Nynorsken er ei viktig kulturell kraft og ein identitetsberar i fylket vårt. Samstundes er det eit faktum at språket er under press på visse område. Med språkfakta i bagasjen håpar vi å få ei kunnskapsbasert tilnærming til og satsing på nynorsken, seier fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Dokumentasjon av språkutviklinga i fylket er del av ei større språkpolitisk satsing. Denne er basert på kulturstrategien fylkestinget vedtok i 2008. Nynorsk er eitt av seks satsingsområde i denne, og etablering av eit nynorskforum eit av fleire tiltak som er nemnde.

Statistikk, tolkingar og råd

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal, overrekkjer dokumentet «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» til fylkesordførar Åshild Kjelsnes på Rica Sunnfjord Hotell i Førde 8. mai.

Det er direktør Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, som har samla inn og systematisert dokumentasjonen. Han deltek på presentasjonen i Førde og vil leggje fram innhaldet. Dokumentet femner vidt og gjev eit inngåande bilete av språkbruk på ulike arenaer i samfunnet. Det inneheld i stor grad statistikk, men gjev også tolkingar, konklusjonar og råd om politisk satsing.

For meir informasjon

Ingebjørg Erikstad
fylkesdirektør for kultur, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf.: 415 30 941
e-post: ingebjorg.erikstad@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker