Presentasjon av nytt næringsbarometer 23. januar

Denne utgåva av næringsbarometeret ser spesielt på nasjonal og internasjonal økonomi og korleis dette påverkar næringslivet og samfunnsutviklinga i fylket.

I Noreg har mediehausten vore prega av overskrifter som vitnar om sterk uro og uvisse knytt til framtida for norsk økonomi. Årsaka er fallet i prisane på råolje frå Nordsjøen som starta i sommar, og heldt fram utover hausten.

Fallet i oljeinvesteringar og oljeprisar, samt den negative merksemda i media, har medverka til å senke forventningane til vekst i året som kjem. Medan forventningane til vekst samla sett i fylket går ned, ventar ein at eksporten vil auke.

Arvid Andenæs, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, vil halda eit innlegg om korleis næringslivet blir påverka av fall i kronekurs og oljepris. Kva konsekvensar vil dette ha for samfunnsutviklinga i fylket? Vert det fleire arbeidsplassar, har verksemdene planar om å investere, og kvar kjem veksten i fylket?

Presentasjon i Leikanger 23. januar

Denne utgåva av næringsbarometeret for Sogn og Fjordane vert presentert hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeshuset i Leikanger 23. januar kl.10.00.

Presentasjonen vert også sendt direkte på nett. Lenkje til sendinga finn du på heimesida til fylkeskommunen, www.sfj.no, fredag 23.januar.

Sjå tidlegare utgåver av næringsbarometeret.

Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, NAV, NHO og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Målet med Næringsbarometeret er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar i Sogn og Fjordane.

Kontaktpersonar

Frode Henden, presseansvarlig NAV Sogn og Fjordane, tlf. 918 35 704
Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane, tlf. 957 81 493
Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, Sogn og Fjordane fylkeskommune, tlf. 905 66 623
Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane, tlf. 905 76 419
Arvid Andenæs, administrerande direktør Sparebanken Sogn og Fjordane, tlf. 481 67 070

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00