Premiere på ny dansefilm

Torsdag 23. september er det premiere på filmen frå dansegruppa Prestige sin tur til barneheimar i Baltikum. Filmen er eit samarbeid mellom medielinja ved Sogndal vidaregåande skule og Dans Uten Grenser, som er stødd av fylkeskommunen.

Dokumentarfilmen om reisa dei unge dansarane hadde til Latvia og Estland, har premiere i danseverkstaden i Solhov i Sogndal torsdag 23. september klokka 18.00 og 20.00.
Ola Skram, som gjekk siste året på medielinja ved Sogndal vidaregåande skule i fjor, har ansvaret for foto, klipp og regi av dokumentaren.

Opplevingar og inntrykk

Det var i påska i år at Prestige, som er ein del av Sogndal danseverkstad, besøkte barneheimar i Latvia og Estland. Filmen viser opplevingar og inntrykk, og publikum vil få eit innblikk i korleis dansarane opplevde både møtet med borna og den fattigdomen dei lever i.
Ungdomane skal også fortelje om turen, og danse deler av showet dei turnerte med, Colours of Care.

Dans Utan Grenser

Danseverkstaden i Solhov er etablert gjennom Dans Uten Grenser-prosjektet, som har eigne danseverkstader i 12 kommunar i fylket. Dans Uten Grenser engasjerer hundrevis av born og unge i Sogn og Fjordane og er ei viktig ungdomssatsing for Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Prosjektet får stønad gjennom kulturavdelinga og med folkehelsemiddel.

Fruktbart samarbeid

Filmen som har premiere torsdag, er den tredje dokumentaren som er laga i regi av medielinja ved Sogndal vidaregåande skule og Dans Uten Grenser. Samarbeidet mellom dei to har vore særs fruktbart for begge partar – elevane får prøve seg på reelle, spennande og krevjande utfordringar med ungdommeleg biletspråk, og Dans Uten Grenser får gode produksjonar med stor eigenverdi.

Del dette:

Relaterte lenker