Foto av Fylkeshuset på Leikanger, under blå himmel med enkelte skyer. Biletet er teke sida med inngangspartiet, og syner store delar av huset. Foto: Oskar Andersen
Foto av Fylkeshuset på Leikanger, under blå himmel med enkelte skyer. Biletet er teke sida med inngangspartiet, og syner store delar av huset. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Positivt rekneskapsresultat

Fylkesrådmannen har no lagt fram fylkeskommunen sin rekneskap for 2015. God budsjettdisiplin og god økonomistyring gjev eit overskot på 57,1 millionar kroner. Dette er eit noko betre resultat enn gjennomsnittet dei fire siste åra.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat vert nytta som ein indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune/kommune har. For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst fire prosent (av samla driftsinntekter). Netto driftsresultat 2015 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 161,5 millionar kroner, det vil seie 5,3 prosent. Tilsvarande tal i 2014 var 2,3 prosent. Denne resultatforbetringa kjem i hovudsak frå høgre overføringar av driftsmidlar til investeringar i 2015 enn i 2014 (føringsmåte).

Nytt inntektssystem

Nytt inntektssystem for fylkeskommunane vart innført frå 2015. For vår fylkeskommune gav det nye systemet ikkje vesentlege utslag dette året, då vi fekk kompensert innlagt reduksjon. Først frå 2016 vil fylkeskommunen sine inntekter gå vesentleg ned. Fram til og med 2019 er denne reduksjonen stipulert til 140 - 210 millionar kroner årleg. Det endelege nivået vil avhenge av om dagens tapskompensasjon blir trappa vidare opp eller ikkje.

Budsjettstyring

I budsjettstyringa skil vi mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingane er kjenneteikna av at dei er lite «styrbare». Det betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Ordinære løyvingar er styrbare løyvingar, der fylkeskommunen i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet.

For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; vi styrer så nær opp til 100 pst. som råd. Dette gjev mindre innsparingar på ein god del postar. Dette er ein hovudforklaring på at vi kjem ut med ei netto innsparing på 30,6 millionar kroner på sektornivå i 2015.

Fellesinntekter- og utgifter

Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk vi i 2015 ei netto innsparing her på 26,5 mill. kr.

Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene våre og utgjorde 2,2 mrd. kr i 2015. På desse to inntektspostane fekk vi ei meirinntekt på om lag 13 mill. kr (0,6 prosent). På bakgrunn av svak inngang 1. halvår 2015 for fylkeskommunane samla vart skatteanslaget redusert frå 4,4 til 3,3 pst i revidert nasjonalbudsjett. Dette vart følgt opp med at vi reduserte vårt skatteanslag med 7 mill.kr. pr. 2. tertial 2015. Frå midten av året betra skatteinngangen seg gradvis og endelege tal for fylkeskommunane samla viser ein vekst på 5,5 prosent.

Premieavvik/premiefond (pensjon) viser ein meirkostnad på 4,8 mill. kr i 2015, medan ufordelt pensjon utgjer ei meirinntekt på 12,6 mill. kr. Dette gjev ein positiv netto på 7,8 mill. kr.

Kapitalinntekter  og –utgifter, inkl. rentekompensasjon, viser ei mindreutgift på 5,9 mill. kr og skuldast i hovudsak høgre likviditet enn føresett.

Sektornivået

Sektornivået i fylkeskommunen har ei netto ramme på vel 2,2 mrd. kr. Med eit resultat på 30,6 mill. kr har sektorane våre, sett under eitt, ei budsjettgjennomføring på nær 98,6 prosent. Dette meiner fylkesrådmannen er svært bra.

Forvaltning står for netto 1,7 mill. kr av innsparinga. Dei største postane er eit mindreforbruk på 1,9 mill. kr på administrasjon, 1,6 mill. kr på bygg og eigedomsforvaltning/administrasjonslokale og eit meirforbruk på diverse fellesutgifter på 2,1 mill. kr.

Opplæring hadde i 2015 eit samla netto mindreforbruk på om lag 23,8 mill. kr. Dei største postane her er vedlikehald og drift av skulebygg (4,6 mill. kr), ufordelte midlar til drift av vidaregåande skular/gjesteelevar (1,8 mill. kr), omstillingstiltak for pedagogisk personale (1,7 mill. kr), tilpassa opplæring (4,8 mill. kr), opplæring i bedrift (2,1 mill. kr), karriererettleiing (2,3 mill. kr) og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT, 2,0 mill. kr).

Mindreforbruket på ufordelte midlar til drift av dei vidaregåande skulane/gjesteelevar er i hovudsak knytt til midlar øyremerka tilbod om fagopplæring i skule (vg3). Behovet for fagopplæring er lite føreseieleg og er m.a. avhengig av tilgangen på læreplassar. 

Mindreforbruket på omstillingstiltak for pedagogisk personale har samanheng med at fleire overtalige etter skulebruksplanen har fått tilbod om vidareutdanning, finansiert over statlege kompetanseutviklingsmidlar.

Mindreforbruket på tilpassa opplæring er knytt til ufordelte midlar til dei vidaregåande skulane, eksternt kjøp av tenester og at berre to av tre innføringsgrupper for minoritetsspråklege elevar kom i gang i 2014-15. Dette er anslagsløyvingar, der bruken av midlar er vanskeleg føreseieleg.

Mindreforbruket på opplæring i bedrift kjem i hovudsak pga. at avsett løyving til stimuleringstiltak i fag og yrkesopplæringa ikkje vart nytta fullt ut. Bruken av denne løyvinga er i hovudsak retta mot individuelle tiltak og difor lite føreseieleg.

Dei unytta midlane til karriererettleiing skriv seg frå 2012-14 og har samanheng med at vi då fekk meir statlege midlar til føremålet enn føresett. Midlane kan, etter godkjent rapportering på statlege midlar våren 2015, gå inn i den samla drifta (driftsresultatet) i fylkeskommunen.

Mindreforbruket på PPT skuldast vakante stillingar og høgare inntekter enn budsjettert.

Dei vidaregåande skulane hadde ei samla innsparing på ordinær drift på om lag 1,5 mill. kr i høve budsjett 2015. Skulane har resultatoverføring (til 2016) og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultatet.

Samferdsle hadde eit samla netto mindreforbruk i 2015 på 4,8 mill.kr.

Innsparingane kjem i hovudsak frå ikkje utførte FTU-tiltak i kommunane (1,2 mill. kr), mindreforbruk på fylkesvegferjer på 1,3 mill. kr, samt mindreforbruk på båtruter på 1,6 mill.kr. Fylkesvegar – drift og vedlikehald – har eit mindreforbruk på 49,1 mill. kr. Fylkesvegnettet har resultatoverføring (til 2016) og mindreforbruket påverkar såleis ikkje rekneskapsresultatet.

Tannhelse har ei innsparing på 1,4 mill. kr. Også denne sektoren har resultatoverføring (til 2016) og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat.

Øvrige sektorar har mindre avvik som i sum utgjer 0,3 mill. kr i netto innsparingar.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut