Positive til Samarbeidsforumet for Vestlandet

Fylkesrådet for funksjonshemma i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane hadde fellesmøte i Ålesund 5. og 6. november i år. Der bestemde råda at dei ville vidareføra samarbeidet på Vestlandet.

Forumet skal vera eit koordinerande og førebuande organ for råda, og sakene som skal handast, skal vera etter arbeidsplan bestemt av dei tre råda.

Samarbeidsforumet skal vera samansett av leiar og rådgjevar frå kvart av dei tre fylka. Leiar og rådgjevar frå skal møtast for å førebu saker som er felles for dei tre råda, og førebu framlegg til fellesmøte for fylkesråda i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Råda tek sikte på eit fellesmøte i samband med landskonferansen for fylkesråda.

Første møte i samarbeidsutvalet vert 11. januar kl 10:00 i Oslo. Nærare detaljar kjem seinare.

Del dette:

Relaterte lenker