Positive signal i planar for Jordbær-feltet

Plan for utbygging og drift av Jordbær-feltet, som ligg nord-aust for Snorre-feltet, vart i dag levert til Olje- og energidepartementet.

Fylkesordføraren er svært glad for at olje- og energiministeren i sin kommentar seier at departementet vil ha fokus på vidareutvikling av eit driftsmiljø i Florø i deira handsaming av utbyggingsplanen.

Planane som ligg føre har fleire positive element i seg. Fylkeskommunen har hatt tett kontakt med BG Norge over fleire år, og vil gje honnør til selskapet for opne kommunikasjonsliner. Vi vil følgje den vidare prosessen tett, både mot politisk miljø og mot operatørselskapet.

Del dette:

Relaterte lenker