kvitt skulehus og skuleplass
kvitt skulehus og skuleplass

Firda vgs på Sandane er ein av tolv fylkeskommunale vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Foto: Nora Haus

Positive resultat for Sogn og Fjordane i skuleundersøking

Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane bidreg meir enn landsgjennomsnittet til å få elevane til å fullføre og bestå. Det viser skulebidragsindikatorane som Utdanningsdirektoratet har utarbeidd.

– Rapporten frå Utdanningsdirektoratet er kjekk lesnad. Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane kjem godt ut og ligg over landssnittet på fleire av indikatorane dei vert målte på.  Eg merkar meg dei gode tala på yrkesfag, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Sogn og Fjordane er eitt av sju fylke som scorar høgare enn gjennomsnittet i heile landet på å bidra til at elevane består og fullfører. Det gjeld både på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Systematisk arbeid

Resultata skal nyttast i skulane sitt kvalitetsarbeid. Fylkesdirektøren vil følgje dette opp i dialogen med skulane, der ein viktig del er å identifisere god praksis og det lokale grunnlaget for resultata.

– Vi har kompetente skuleleiarar og lærarar som arbeider systematisk med å auke elevane si læring og grunnlaget for at den enkelte skal lukkast og gjennomføre vidaregåande opplæring, seier Skaasheim.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut