Foto av fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl.
Foto av fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl.

Fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl gler seg til å få på plass fleire til å jobbe med ordning og digitalisering av kommunale arkiv. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Populært fylkesarkiv

Fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl fekk 99 søkjarar til seks stillingar. Interessa for offentleg arkiv og digitalisering er stor.

Av dei seks stillingane, er fem faste og skal ha ordning og digitalisering av offentlege arkiv som arbeidsområde. Den sjette stillinga er ei prosjektstilling som fotoarkivar, og 20 av søknadane gjaldt denne.

Framsnakkar fylkesarkivet

Fylkesarkivar Fidjestøl er godt i gang med intervju til stillingane og gler seg til å få dei nye medarbeidarane på plass. Fylkesarkivet har stor pågang frå mellom anna kommunar og har mykje å gjere. Han gir dei som allereie jobbar – og har jobba – på Fylkesarkivet noko av æra for at søknadsbunken vart såpass tjukk.

– Eg trur dei som jobbar på fylkesarkivet er flinke å framsnakke både jobbane sine og Leikanger. Slik har vi bygd ei merkevare som er fylkesarkivet. Vi har hatt folk innom i prosjektstillingar og sommarjobbar, som har snakka positivt om fylkesarkivet etterpå. Dei vi intervjuar, må få lyst å jobbe her, seier han.

Opplever trøkk på digitalisering

Dei fem faste stillingane gjeld altså ordning og digitalisering av offentlege arkiv og er i hovudsak knytte til byggesaksarkiva i kommunane. Oppdraga er såleis finansierte av kommunane, gjennom samarbeidet Kommunearkivordninga. Der er alle kommunane i fylket med, og fylkeskommunen har ei vertskapsrolle gjennom fylkesarkivet.

– Vi opprettar desse stillingane no på grunn av eit massivt trøkk – hovudsakleg frå kommunane. Teknologiskiftet frå analogt til digitalt er i full gang. No skjer alt samtidig med region- og kommunereform, noko som set ekstra fart i utviklinga. Vi har massive arbeidsoppgåver både no og i overskodeleg framtid for desse stillingane, fortel Fidjestøl.

Fylkesarkivaren har fått inn søkjarar frå både Leikanger og Sogn, men også frå andre delar av landet, og han har inntrykk av at søknadane kjem frå folk som kan tenkje seg å busetje seg i Sogn. Fidjestøl reknar med å vere ferdig med tilsetjing i løpet av april.

For meir informasjon

Arnt Ola Fidjestøl
fylkesarkivar
arnt.ola.fidjestol@sfj.no
971 88 903

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut