Fire unge menneske samla rundt eit bord med papirmodellar føre seg
Fire unge menneske samla rundt eit bord med papirmodellar føre seg

Illustrasjonsfoto: Jo Bergersen

Populært etablerarkurs

Det er stor interesse for etablerarkurset i Førde, som no er fullteikna. Neste sjanse er Eid og Sogndal.

Onsdag 1.juni starta fyste samling av etablerarkurset som er utarbeidd av fylkeskommunen og Innovasjon Noreg i samarbeid med kommunar, næringsselskap og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Målgruppa er dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle eiga verksemd.

Kurset, som har vore annonsert i lokalaviser og på facebook, er fullteikna.

– Det er kjempekjekt å sjå at mange ønskjer å delta på etablerarkurs, for vi treng fleire menneske som tør å ta steget vidare og starte eiga verksemd. Dette kurset er eit lavterskeltilbod og du treng ikkje ha kome langt i prosessen for å delta, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, om kurset som byggjer på prinsippet smidig oppstart.  

Kurset gir ei praktisk tilnærming til det å starte eiga verksemd. Her får du hjelp til å utvikle ideen din og samtidig halde fokus på marknad og kundebehov. Deltakarane får tilbod om individuell oppfølging av ein erfaren kursleder. I tillegg vert det invitert inn andre ressurspersonar i kurssamanheng.

Det beste av alt: kurset er gratis!

Få meir informasjon og meld deg på til neste kurs.

Kurs vidare:

  • Nordfjord - Nordfjordeid - oppstart 15.9.16

  • Sogn - Sogndal - oppstart 27.10.16

  • HAFS - oppstart tidlig 2017

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00