Politiske møte kan verte papirlause frå november

Dei nye fylkespolitikarane som vert valde til hausten, kan gå ei papirlaus framtid i møte. Onsdag 6. april skal nemleg fylkestinget avgjere om politiske møte i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjerast papirlause frå 1. november.

I dag vert sakene til alle politiske møte i Sogn og Fjordane fylkeskommune lagde ut elektronisk på heimesida til fylkeskommunen. I tillegg vert dei trykte opp og sende i posten til politikarane, men dette kan det no bli slutt på.

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å kutte ut trykking og utsending av sakene og heller innføre ei ordning med papirlause møte. Dette vil då gjelde fylkestinget, fylkesutvalet, hovudutvala, trafikktryggingsutvalet og kontrollutvalet, og det er lagt opp til at ordninga skal gjelde frå 1. november.

Miljøgevinst

Målet med ei slik elektronisk løysing, er å gjere arbeidssituasjonen til politikarane enklare og unngå at ein må ha med seg tunge saksdokument til møta. Papirlause møte vil også ha ein vesentleg miljøgevinst, då ein sparer store mengder papir og transport av papir. Erfaringar frå kommunar og fylkeskommunar som har gjort dei politiske møta papirlause, samt eigne berekningar, viser ei mogleg innsparing på minst ein million ark og 70 tonn CO2.

I tilrådinga vert det tilrådd innkjøp av 55 pc-ar, noko som betyr at alle dei 39 representantane i fylkestinget og fire av medlemane i kontrollutvalet får disponere fylkeskommunal pc. I tillegg er det lagt opp til at dei resterande 12 pc-ane vert fordelte til vararepresentantane etter storleiken på partigruppene og til ein reservepool.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568